mandag 14. januar 2008

Photo story 3, Moviemaker, Cartoonist og Pivot + Turdag - og Oppsummering av praksis

I dag hadde me meir om barn og unge, og korleis medium kan vera brukte imot den målgruppa. Som overskrifta seier, brukte me ulike program for å testa ut om dette fungerte i høve til om elevane kan bruka det i eit seinare høve.

Me fekk prøva oss i og laga teikneserie, redigera film, og laga ein animasjon. Dette gir oss nok ein peikepinn på kor mange ulike verkemiddel me kan ta i bruk i skulen, om ein brukar det på rett tid, til rett tema og til rett målgruppe. Dette krev sjølvsagt litt teknisk trening, men i dagens samfunn på lærarar "sko" seg inn i IKT. Det er viktig!

Kjekk dag.

Turdag - og Oppsummering av praksis

Turen i dag bar til Landåsen før me gjekk heim til Birgit og koste oss med kaffi.


Me samla oss i grupper på tvers av klassane og oppsummerte det me hadde opplevd i praksis. Det var veldig interessant å høyra korleis dei ulike gruppene hadde hatt det, spesielt dei på Skåredalen. Deira tilgong på nytt og moderne utstyr er større, noko me kan misunna dei.

Praten gjekk mest på motivasjon, og korleis me kan sjå og hjelpa dei svake/vanskeligstilte elevane. Generelt sett hadde dei fleste studentane hatt positive opplevingar og gira på og forsetja på utdanninga, noko eg også føler!

Barn og nye medium + Praksis 2! ( punktpraksis )

No er me komen i 2008, og tida går fort. Teknologien veks snarare enn det mange er klar over, og "verda vert mindre og mindre ". Barn og unge, finn stadig fleir kanalar og nå kvarandre, men dette har som det kjem fram i dette emnet - mange negative sider.

Chatting er veldig diskutert for tida. Det er fleire eksempel dei siste åra, der unge jenter og gutar er vorte misbrukte etter dei har vorte "kjende med venner " på nettet, via ein chatte kanal. Det er uhyre viktig for foreldre og vaksne og gjere born klar over ansvaret dei har når dei utleverer seg slik på nettet. Det å vera forsiktig med e-post, kontroll sjekka bilder, sending av ulike format, og anna informasjon ved nye relasjonar med menneske på nettet er essensielt.

Barn og unge vert påverka overalt i dagens samfunn, og nettet er ein av stadane. Ein er ofte ikkje klar over kor "offentleg" ein er på nettet, enn det som faktisk er realiteten. Føresette og vaksne bør gå inn å læra seg om nettet, setja filter på om naudsynt eller ta ein lang prat med borna sine, om kva som møter dei på nettet. Eg har tru på at den "opne" samtalen, der begge partar snakkar ut, og seier kva som kan møta dei.

Revidert:

Kva eg testa ut kan eg ikkje seie, fordi eg ikkje var til stades på denne økta. Det eg kan tilføye er at eg har høyrt historiar frå vener av meg, nokre jenter som vart sjekka opp av gamle menn over offentlege chatt kanalar.


Dette med filter er noko foreldra kan fiksa manuelt på i heimen på deira eigen datamaskin. Eg er enig med Birgit også i at barna sjølv må danna sitt eige filter i hovudet sitt. Det er nemleg i dag lite ein kan gjera for å stoppa spreiinga av bilete og video på Internett, difor treng barn nettvett i høve til kva dei legg ut av informasjon og biletmateriale av seg sjølv. Det er mykje fusk og fanteri på nettet, og mykje av den informasjonen folk legg ut om seg sjølv, kan vere falsk. Det finnes difor fleire nettvett reglar, som deriblant Redd Barna har laga. Dette er regler ein lett kan gløyme om ein ikkje er klar over dei.

Den samansetteteksten ser eg ikkje akkurat for meg som den nye forma for stilskriving. Somme elevar er mykje kjappare og betre teknisk enn andre når dei gjeld tekniske dugleikar at fleire elevar vil kome "bakpå" i ei slik skriftform. Eg har heller ikkje tru på at elevar skal få skrive stilane sine heime. Her kan nettet misbrukast, og elevane får ikkje like høve å jobba imot. Det som kan vera gunstig er at elevar kan skrive stilar over laptop på skulen, utan internett. Sjansane for "copying" er borte, og me kan sikra at det som er skrive er ekte.

Den samansette teksten vår var laga ut ifrå boka " Mormor og de åtte ungene i skogen ". Me nytta Windows Movie Maker, Audacity og Adobe Photoshop til å laga produktet. Det var eit lærerikt prosjekt, og ei skoy metode og presentera ei bok på. IKT er framtida, og ein slik presentasjon vil med stort sannsyn få elevane til å pirrast for lesing av boka! :)


Praksis 2 ( Punkt praksis )

Denne delen av praksis gjekk ut på og gjennomføra "punktpraksis" på Langeland skule.Oppgåve gjekk ut på å planlegge og gjennomføre ei 4 timers økt med der elevane skulle ta i bruk digitale verktøy. Me fekk bruka timar på skulen til dette, noko eg er takksam for :)

Me valte og laga eit prosjekt der elevane skulle læra seg å bruka Powerpoint. Prosjektet gjekk ut på at kvar gruppe skulle presentera eit av dei 3 emna dei kunne velgja i, og framføra det for resten av klsssen.

- Dyr
- Sport
- Skandinaviske land

Me la ut bilder og informasjon tilgjengeleg på Fronter og i klasserommet. Me hadde også delt inn i grupper som me visste ville fungera. Elevane fekk 3 timar og jobbe med presentasjonen, og 1 time til framføring.

Eg må sei økta vår gjekk som forventa, og den gjekk veldig bra :) Me hadde førebudd oss godt til dette prosjektet og alt var på plass før økta byrja. Eg ser kor viktig det er å vera førebudd. Einaste som kunne gått gale er uforutsette ting, blant anna at PC'ane ikkje fungerte. Me sørga for at dei vart fullt lada og nok til alle, og det gjekk etter planen.

Sjølve framføringa må eg sei gjekk over all forventning. Det å stå framfor klassen og snakka er ikkje ein sjølvsagt ting for alle elevar. Det krev trening, sjølvtillit og gjensidig respekt. Nokon er ikkje like flinke til å lesa, andre har andre problem. Majoriteten av elevar må eg sei var kjempeflinke. Somme var kjempestolte av produktet sitt, og ein kunne sjå glimtet i auga deira når dei var ferdige med presentasjonen. Slike ting er det me jobbar for som lærarar! Dei var nokon som var litt flaue og kniste litt under framføringa, men det høyrer med, og det er grunnen til at ei slik arbeidsform er veldig god. Det viser også at det må gjerast fleire gongar i halvåret, ikkje berre 1-2 gongar.

Bruk av digitale verktøy var essensen i vårt prosjekt. Utan det, hadde ikkje arbeidsformen og utbyte vore det samme. Det er ikkje til å leggje under kniven at nokre lærarar ikkje heng med i samfunnets utvikling, og blir for konservative i sine arbeidsformer. IKT er framtida. Det å stimulera elevane til å bruka intenett og PC på ein positiv og konstruktiv måte, er utruleg viktig. Data er ikkje berre spel og tull, det er ein base for læring og vanvittig mange moglegheitar.

I starten av timen hadde eg ei visning i Powerpoint for elevane. Det å læra frå seg IKT er ikkje berre berre. Eg valte å bruka overhead slik at min PC framme ved tavla, kom til syne for alle elevane. Dei haldt sine PC'ar lukka, og følgde med på kvar einaste rørsle eg gjorde i powerpoint. Eg prøvde så godt eg kunne å sørga for at alle elevane følgde med, og gjekk fram i seint tempo med klar og høg stemme. Eg stilte også spørsmål undervegs i visninga for " å få elevane med meg". Det å inkludera publikum under slike IKT visningar trur eg bidrar til å at følger betre med.

ANIMASJON og BILETHANDSAMING! + Undervisningsplanlegging ( Diamanten )

I dag fekk me mogleik til å arbeida med noko anna i pedagogikken. Me jobba med animasjon, og Image Ready som er eit program lagt til i Adobe Photoshop. Eg har vore borti programmet før på Medium og Kommunikasjon så det var ikkje så veldig mykje for min eigen del.

Slike arbeid er nok for elevar veldig interessant og kan vere veldig givande. Eg vil tru det er bra for oss som lærarar og kunne mange ulike digitale program og presentasjonsformer. Dette vil bidra til større variasjon i korleis me legg opp undervisninga, og skapa meir breidde i skulekvardagen.

Eg syns at timen gjekk veldig fort, og mange av studentane som ikkje hadde vore borti animasjon før hadde problem med å få med seg all teknikken. Men da var skoy og gjera noko annleis!

Revidert:

Animasjon og bilethandsaming er nok utvilsamt artige verktøy å bruka i skulesamanheng. Det er nok ikkje noko som bør gjerast for ofte, men det piffar opp undervisninga, og elevane får mogleik til å bruka digitale verktøy. Photoshop er jo eit program som kjem til å leve i mange år framover, og som ikkje minst kan stimulere elevane til å jobbe med redigering innan animasjon, foto og reklame i framtida.

Einaste ved slike verktøy er at det er svært ressursbetinga. Skulen må ha nok maskinar til ein klasse, ikkje minst GODE nok maskinar. Framtidas program krev meir og meir "kraft" i maskinane, og det er viktig at skulane følger med og sørgjer for at dei heng med i tida. For det andre må det vera lærarar som kan programmet og veit å læra fra seg. Det er ikkje berre berre å læra frå seg IKT, det må gjerast grunding, skapa nyfikenhet hos elevane, og dei må få meistringsglede og sjå nytten av arbeidet dei gjer.

Bilethandsaming er interessant, og det er viktig for elevane å forstå at alle bilder på internett ikkje er til bruk for alle. Det er difor bra som Birgit viste, kor elevane kan finne bilete, dei kan bruka lovleg. Dei lærar seg biletredigering, men ikkje minst dei vert "oppdregne" i nettvett.

Undervisningsplanlegging ( Den didaktiske relasjonsmodellen )

Tidligare var "mål-middel-retningen" i planlegging det vanlege. Ein har eit mål og nokre elevar, og ein må finne nokre midlar for å få elevane til å nå målet. Spesielt kjend for denne modellen var amerikanaren Ralph Tyler ( 1949 ). Heimann og Schultz hadde ein anna utgongspunkt.Dei var opptekne av at didaktikken hadde vært for lite anvendbar i høve til lærarens praktiske undervisningsarbeid. Dei utarbeida 4 høve, eller beslutningsmoment og 2 betingingsmoment. Eg nevner ikkje desse no, sidan dei er inkludert i den neste modellen.

Bjørndal og Lieberg videreførte tenkinga frå Heimann og Schultz. Det som var det grunnleggjande synspunktet for dei var at unervisning ein "levande dialog". Eit skapende og dynamisk samspill mellom lærere og elever anser vi således for å være et av de viktigste kriterier for god undervisning ". ( 1978, Bjørndal, Lieberg) Det er viktig å presisera at sjølv om dei såg på undervisning som ein dynamisk og kreativ prosess, måtte den vera planlagt og systematisk. Dei utvikla difor " Den didaktiske relasjonsmodellen "i tråd med tenkinga til Heimann og Schultz. Modellen vert også berre kalla for diamanten, sidan dei fem kategoriane går om seg sjølve.

- Faginnhald
- Evaluering
- Didaktiske forutsetnader ( elev og lærarforutsetnader og fysiske, biologiske, sosiale og kulturelle forutsetnader )
- Læringsaktivitetar
- Mål

Modellens utforming illustrerar eit dynamisk syn på undervisningsprosessen og det er eit hovudpoeng at ein ingen av kategoriane kjem først. Den opprinnelege femdelte modellen, har etterkvart blitt delt inn i seks kategoriar, ved at didaktiske forutsetnader, er splitta i "læreforutsetnader" og "rammefaktorar ". Dette er gjort fordi elevane bør skillast i ein egen kategori. Ein må sikra at elevane er i fokus når for eksempel mål og arbeidsmåtar skal fastsettast.

Det er denne modellen me som studentar er kjende med. Relasjonsmodellen kan brukast på mange nivå. Den kan brukast som redskap til å planleggja ei enkelt økt, samstundes som den kan brukast til å analysera og reflektera over undervisning og læring.

Læreforutsetnader:
For at ein lærar skal kunne variera undervisninga og planleggja den så kreativt som mogleg, treng lærarar utstrakt kunnskap om elevane, deira interesser og evner. Piaget og skjemaer, Vygotskij og utviklingsnivå/sone med Bruner, stillas vil vera relevant og tenkja på under denne katergorien tykkjer eg.

Rammefaktorar:
Utstyr, tid, klassestørrelse, timeantall, lokalmiljøet
Rammefaktorane er høve som på ulike vis begrenser eller mogleggjer undervisning og læring. Risnes, Lyngmark (2007) meiner at lærarane tolker rammefaktorane, noko eg er enig i. Kunnskap, haldningar, forventningar, kreativitet og innsats er det som er mest avgjerande for korleis undervisninga blir, og kva erfaringar og læringsutbyte elevane vert sittande igjen med.

Mål:
Me har alle hatt vår dose av lærarar som ikkje kan læra frå seg. Det som har kjenneteikna dei lærarane eg ikkje tykkjer har vore gode nok, er at dei har "dårleg tid" i timane. Dette heng nok saman med at dei skal kome seg igjennom alt stoffet, og har kanskje lite timar til rådighet i høve til all stoffet. Målet til lærar vert difor " å kome seg igjennom kapittel 5 i dag ". Utan å leggje tid til rette for at elevane skal forstå, drøfte og lære noko etter timen er ferdig. Slik har eg følt det mange gongar. Lærarens personlege mål med undervisninga vert feil, interessa og merksemda må heller rettast mot KVA elevane har lært etter at læraren har undervist. Skal måla vera meiningsfylte, må det vera elevanes læring det skal settast mål for!

Bloom(1956) si kunnskapstrapp kan vere ein god modell for ein lærar og kikke på når ein skal setje mål for timen/emnet i faget. Lærarar bør vera bevisste på kva nivå dei vil "gå på" når dei formulerer eit læringsmål

Innhald:
Eg velger her å bruka punkt frå Engelsen (2006). Desse tre viktige høva spelar inn når ein skal velga innhald i eit fag.

- Faga sin eigenart
- Samfunnet sine interesser
- Elevanes behov

Læringsaktivitetar:
Det er ingen fasit for kva undervisningsmetode som er god eller dårlig. Korleis ein metode vil fungere i ein bestemt undervisningssekvens er avhengig av elevane og deira forutsetnader. Det som er sikkert er at læringsaktivitetane bør tilpassast den enkelte elev og elevgruppe.( Piaget, Vygotskij )

Det finnest over 70 læringsstilmodeller. Felles for desse er at dei hevder at ei kartlegging av elevers læringsstil og ein undervisning tilpassa denne vil være ein optimal opplæring. Kritikken mot dette går blant anna på at kartleggingsverktøya ikkje er gode nok, at elever vert plasserte i ein bås, at dei ikkje vert teke hensyn til elevers sosiale utvikling, danningsprosessar og betydinga av fellesskap i læringsprosessen. ( Hopfenbeck 2006, Andreassen 2006) Dette er eg heilt enig i. Det er nok mange læringsstilmodellar ein kan finne felles faktorar ved, men det er ingen universal metode. Det er opp til kvar enkelt lærar, på bakgrunn av erfaring og kunnskap om sine elevar, å legge til rette for elevers konstruksjon av læring individuelt og i fellesskap. ( Haga 2008 :) )

MAKIS prinsippa er element som kan bidra til motivasjon i undervisninga.

- Motivere
- Aktivisere
- Konkretisere
- ( Variasjon )
- Individualisere
- Samarbeide

fredag 9. november 2007

Repetisjon læringsteori - Oppgåva mat/ped - Kurs i formatering i MS Word (oppgåveskriving)

Me starta dagen med ein oversiktleg repetisjon over ulike læringsteoriar. Birgit laga eit tankekart over kvart grunnsyn. Det eg syntes var bra med dette, var at Birgit knytta parallellar til dei ulike læringsteoriane, og viste korleis dei hadde utvikla seg, med tanke på filosofane. Det gjorde at eg kunne "sortera" litt i kunnskapen eg har skapa om læringsteoriar, sidan eg har forveksla blant anna element frå konstruktivismen og kognitivismen. Veldig lærerik økt.

I den andre økta for dagen fekk me eit lite påbyggingskurs i Word. Dette programmet er så mykje meir avansert enn det me er klar over!

Me gjekk blant anna igjennom korleis me kunne laga "malar" for oppsett av overskrifter, innhaldsliste og andre strukturmessige ting. Slike teknikkar var veldig interessant og lære seg. Eg ser kor mykje tid ein sparar, men ikkje minst at det vert ryddigare og meir "truverdig" og lese ei oppgåve.

Einaste eg har og utsetje på dette, er at gjennomgongen kanskje vart litt rask, og eg kanskje ikkje fekk alt med meg, men dette skal "friskast" opp igjen, utan tvil!

mandag 22. oktober 2007

Oppdrag: Pedagogisk grunnsyn

Me har no framført i lag med resten av A1 kullet, ein rekke med presentasjonar om læringsteoriar. Inntrykka har vore mange, presentasjonsmessig og innhaldsmessig.

Pedagogisk sett, i laup av desse to vekene har eg sjølv fått eit nyansert syn på korleis dei ulike lærings perspektiva kan fungera i ulike høve ved læring. Det synet eg finn mest givande læringsmessig, og som er min "førebels plattform" er sosiokulturell læringsteori. Dette synet er også det som vert teke i bruk i pedagogikkfaget, og i andre fag på høgskulen.

Sosiokulturell læring tek utgongpunkt i at lærings skjer ikkje automatisk av seg sjølv individuelt sett, men i sosialt sampel med andre menneske. Språket er vår viktigaste "reiskap", og er utgongspunktet for tileigning av kunnskap og korleis me sosialiserar oss med andre. Gruppa mi har desse to vekene jobba med kvart sitt læringsperspektiv, og me har i lag fletta det i saman til ein presentasjon. På denne måten går me i lag, og gjer kvarandre og produktet betre. Kvar og ein har ulike impulsar ved presentasjon og i innhald, og det har vore veldig givande, og få konstruktiv kritikk frå dei andre studentane i gruppa si. Frå personleg vinkel, er det ikkje alltid lett og sjå sine feil, eller evt. glipp i eige produkt, og det kan vera forløysande og få eit anna hovud til å sjå igjennom stoffet. Slik har me alle løfta kvarandre. Eg vil forresten berømma gruppa mi, som er veldig oppriktige og konstruktive i arbeidsprosessen, det har vore veldig kjekt.

Eg skal ikkje gå så veldig detaljert innpå læringsperspektiva, me har alle ein god porsjon med kunnskap etter framvisingane. Eg vil avslutta med nokre punkt eg meiner er essiensielle i skulesamanheng, og som heng saman med viktige faktorar i sosio kulturell læringsteori.

- Læring resultat av sosial samspel
- Bruk og bevissthet av den proksimale sonen
- Vera obs på at kultur og miljø spelar inn på elevane sin kvardag. Stimlera til gode og sunne miljø er eit viktig ansvar for ein lærar, og ei samhandling med foreldra.
-Tilpassa opplæring
- Stimuler til eit aktivt elevmiljø i arbeidsprosesasr
- Uforutsigbarhet, lærar må vera obs på at elevar tenkjar og forstår annleis.

Det er også mange punkt i dei andre læringsperspektiva som kjem til gode i ulike læringssituasjonar, noko som me også får fram i presentasjonen vår. Alle syna har også sine "flaws" og vil ved feil stimulering, ikkje fungera i skulesamanheng. Om det er nyfikne til å sjå på powerpoint visinga vår igjen, er det mogleik for det! Fortvil ikkje! Gå på fronter -> Pedagogikk
-> Undervisning -> Veke 43 Framføringsmappa -> Pedagogikk prosjekt MCHG

Mvh Håvard

Revidert:

”…Pedagogisk grunnsyn er den virkelighetsoppfatning, de verdier og holdninger som ligger til grunn for pedagogisk praksis.”

”…All pedagogisk virksomhet formidler verdier. Det er nødvendig for de voksne i skolen å ha en bevisst holdning til verdivalgene foretar som oppdragere.”

Når me har vore ute i praksis har det vore veldig nyttig for oss å ha vår oppfatning på ulike metodar og teori i skulen, for så å prøve oss ut som pedagogar i skulen. Det er ikkje berre å "gå ut i skulen " og finne ut kva som er best utan noko som helst bakgrunn eller refleksjon rundt dei vala ein gjer. I høve til å ha eit pedagogisk grunnsyn har me som praksis gruppe tru på ulike metodar og didaktiske grep, me håpar vil fungera i høve til planlegginga. Dette gjer ikkje minst at me som lærarar og pedagogar kan evaluera korleis dette gjekk, kva kan bli betre og kvifor var det bra?

Som det andre sitat viser er det viktig for oss som lærarar å vera bevisste på dei vala me gjer, og at me har ein grunngjeve dei vala me velger og foreta oss. Det gjer også at me opparbeidar eit sjølvstendig syn på formidling av kunnskap. Eit pedagogisk grunnsyn vil også gjere at ein kan samanlikne teoriar og metodar med andre syn, og kanskje til slutt kombinere nokre av elelementa i desse ulike læringsteoriane. Det er ingen fasit.

tirsdag 9. oktober 2007

Læringsteoriar

I dag fekk me lansert dei ulike læringsteoriane. Fram til neste veke skal eg jobba med eit av grunnsyna; Behaviorismen. Resten av gruppa skal også lese om dei andre grunnsyna, for å deretter framføra det for kvarandre. På denna måten skal me danna vår " pedagogiske plattform ".

Alt dette byggjer opp til oppgåva me skal gjere, nemleg ha ein presentasjon om ein, fleire, eller ein spesifikk metode innan læringsteoriane. Me står me andre ord veldig ope til å gjere det me vil. Eg er fornøgd med korleis me får bruka våre eigne syn og tankar på kor me ligg reint pedagogisk i læringsteoriane. Som Birgit sa, blir alle desse grunnsyna bruka flittig i heile Norge.

Eg har kikka litt på behaviorismen, og måtte smila godt då eg las litt om sjølve stiftaren av Behaviorismen, John B. Watson. Han var MEGET objektiv, og heilt utelukkande til introspeksjon. Han måtte til slutt godta at verbal rapport ( tale=atferd=observerbart ) også kunne bli godteke som eit del av grunsynet hans. Her er ein formak på kva han meinte.

" Behavioristene mener at det er ingen indre egenskaper å utvikle. Starter man med et sunt legeme, det riktige antall fingre og tær, øyne og de få elementærbevegelser som er til stede ved fødselen, har man alt det råmateriale som skal til for å lage en mann, enten denne mann nå blir et geni, en kultivert gentleman, en slusk eller en rovmorder ", ( Watson, 1932 )

Ser fram til å jobba med dette! Kjem meir om læringsteoriane etterkvart.

mandag 8. oktober 2007

Leiing av ei basisgruppe

Denne økta gjekk me igjennom mange viktige faktorar om kor viktig det er at ein lærar har orden i klasserommet, har oversikt over elevane, struktur og med ei solid pedagogisk og faglig forankring i bånn.

Det var visse ting som eg beit meg tak i. Særleg var reportasjen om barneskule eleven Robin ei sjokkerande oppleving. Robin vart ikkje forstått, og ikkje sett. Verken lærar eller rektor tok aksjon, då foreldra tok opp mobbinga. Dette viser oss samstundes kor viktig det er og ikkje ta for lett på "definisjonane " om mobbing og hærverk, og heller undersøkje den enkelte situasjon grundig. Det er ikkje mobbaren som må byte skule, slik som tilfellet vart med Robin. Om ein ser på tiltaksbasen for forebyggjing på nettet, ser me at det er mange landsomfattande og kommunale tiltak rundt om i landet og at det blir jobba med mobbing, hærverk og rusmisbruk. Læraren må ikkje tru at han "slepp ansvaret" av den grunn, det er viktig og ha kontakt med elevane sine og sørge for at dei har det bra.

Noko anna som er viktig er kva ein må leggja vekt på i basisgruppa si. Eit av punkta eg tenkte ekstra på var det å byggja relasjonar på alle nivå. Eg føler at denna definisjonen var at " læraren "skulle byggja relasjonar på alle nivå ", men eg tykkjer at definisjonen utelater litt det som den også burde definera, OG som burde vore vektlagt i ei basisgruppa. Nemleg det og få elevane til å skapa gode relasjonar mellom kvarandre.

Me har snakka mykje om dei ulike typane av menneske me skal framelska i skulen, og i dette eksempelet er " Det arbeidande mennesket " viktig og dra fram. Det framgår at lærarar er leiarar av elevanes fellesskap. Framgong er ikkje bare avhengig av korleis lærarane fungerar i høve til kvarandre, men og korleis elevane fungerar i høve til kvarndre. I eit godt arbeidslag vil deltakarane heva kvaliteten på kvart sitt arbeid. Dette vil jo bli eit konstruktivt men ikkje minst positivt supplement til den einskilde undervisning.

- Eg meiner at om ein greier og skapa slike gode relasjonar i ein klasse, det lærar har gjort ein god førebyggjande jobb, vil detta også hjelpe til å halda ro, struktur og fokus ein time.

Det var også interessant og kikka litt på LP modellen. Teorigrunnlaget i modellen seier mykje om betydninga i ein klasse/skule. Ved hjelp av forskning veit ein at forholdet til medelevar, relasjon til lærar, klasseleiing, og struktur på klasseundervisninga, er betingelsar i læringsmiljøet som kan knyttast til elevens faglige og sosiale utvikling. System teori vil bli bruka for å forstå korleis elevane er i interaksjon med omgivnadane i skulen, og ved å endra dette vil også elevens læring og utvikling bli påvirka i ein positiv retning.
Det var også kjekt og sjå at LP modellen har vore positiv i Norge. I prosjektskulane har ein oppnådd betre resultat enn kontrollskulane på følgande områder.

- Norsk,matte,engelsk og natur- og miljø har auka med 0.4 karakterar i gjennomsnitt.
- Sosial kompetanse blant elevane har auka
- Bråk og uro i undervisninga er redusert
- Mindre konfliktar elevmessig og ein klar nedgong i mobbing!

Det at PP-tjenesten er lærargruppenes " eksterne støttespelar " er jo positivt for oss som utdannar til lærarar. Yay!

Blei ein del her men..Læringsmiljø skal ein ikkje undervurdera, det er grunnmuren for korleis ein skal leia ei basisgruppe!

Revidert:

Me fekk blant anna i oppdrag å fortelje litt om ulike metodar i undervisninga. Mi gruppe hadde om stasjonsarbeid, noko vår egen Arne Trageton har vore ein forkjempar for. Andre grupper hadde om andre metodar, som me til slutt fekk samla i ei mappe. Dette var kjempenyttig, og det gjer at me kan tilføre undervisninga vår meir fleksibilitet.

Ei variert undervisning er sunt og motiverande for elevane. I tillegg kan stasjonsarbeid vere arbeid i samspel med andre, noko som samsvarar med det sosiokulturelle synet. Med språket som det viktigaste reiskapet, stimulerer det elevane til drøfting, diskusjon, refleksjon, openheit, kreativitet og læring undervegs.