Eg har jobba eit år på Nysæther Ungdomsskule. I åtte-ni veker av dette året, vart satt plassert i Sævarhagen, plassen på Stord der dei har elevar med problemvanskar. Dei kallar det gjerne Tilpassa opplæringssenter. Desse vekene var utruleg lærerike, der eg fekk sjå korleis dei behandla dei ulike elevane.
Det er mange ulike diagnosar på elevar i desse dagar. Lese og skrive vanskar, ADHD, MBD, psykisk utviklingshemming. Andre har store sosiale og emosjonelle vanskar i heimen. Om ein har med slike elevar og gjere, utan at ein har noko kunnskap om den aktuelle diagnosen, eller situasjonen til eleven, vil ein føla seg rimeleg hjelpeslaus. Eg tykkjer det er viktig for ein lærar å ha kunnskap til ulike diagnosar og åtferdsproblem, slik at ein ikkje overser problem som treng sakkyndig pedagogisk hjelp. Elevane har juridisk rett til hjelp, og klasselæraren vil såleis vera den næraste til å ta opp dette med foreldre eller skuleleiinga. I somme tilfelle kan dette vere avgjerande for barnets framtid at det får riktig hjelp og støtte i tide. Det er litt av eit ansvar....
I høve til Imsen ( 2006:371) skal ikkje lærarar utan vidare "behandla" spesifikke lærevanskar på eiga hand. Dette er eg enig i. I somme tilfelle kan lærar ta feil av tolkninga si, og gå fram på feil måte. Det er difor betre at læraren melder ifrå og sørga for at eleven får den mest sakkyndige utredninga som er naudsynt.
Om elever som etter vurdering har fått tildelt ressursar til spesialundervisning, skal det undervisast etter ein individuell opplæringsplan. ( IOP ) Som lærar må ein vere forberedt på å ta del i slikt læreplanarbeid.
Eg kjem med stort sannsyn til å ta eit år med spes.ped!
mandag 28. april 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Tenkte eg berre skulle tipsa deg om ein liten ting. For dei som er svaksynte og dei som har lesevanskar er raudt ein farge som er vanskeleg å lese. Anten det er raudt i botn, eller raud skrift. Det ser veldig stilig ut, eg likar måten bloggen din er utforma på,eg. Men kom berre på dette med raudt når eg såg fargen. ;)
Legg inn en kommentar