Då er det slutt for pedagogikk dette årskullet. ( 2007-2008 ). Heilt frå starten av har dette faget insipirert meg, og fått meg til å opna augene for alt som finnest ute i læraryrket. I rammeplanane som gjelder for norsk lærarutdanning frå 2003, står det at ingen enkeltfaktor er meir avgjerande for kvaliteten i barnehage og skule enn læraren. Lærarar er også pedagogar, noko me har fått inn med teskjei dette året. Pedagogar bør kunne indentifisere og forstå grunntrekk og strukturer i vår senmoderne eller postmoderne tid. ( Risnes Lyngmark 2007 ).
Asen (1998 ) samanliknar dagens samfunn med eit skip som seiler u ukjend og ureint farvatn, og som kontuniuerleg må reparerast utan at ein kan gå i land. Eg føler det sitatet seier mykje.
Samfunnet endrar seg, me som lærarar er aldri utlærte, me må hengje med i tida, tilpassa oss nye endringar og behov, medan vi samstundes må halda på gamle og sunne verdiar.
Eg vil starta med det som har gitt meg mest kunnskapar dette året, nemlig praksis. Dei tre periodane me har hatt i praksis ville eg aldri bytta tilbake. Me diskuterte det i klassen innad, og alle var einige om at allmennlærarutdanninga burde innhalde mykje meir praksis. Øvingslæraren vår samtykka også ved dette. Det er i praksis me opplever og tar til oss kunnskap i pedagogikk, og alle didaktiske element som høyrer med.
I den fire årige allmennlærarutdanninga er det berre 20-22 veker med praksis til saman. Ein heilt anna modell finn me blant anna i England. Det er to tredeler av lærarutdanninga utplassering i skulen hos ein erfaren lærar! Dei kallar det gjerne for " meister-lærling-prinsippet". Det er slik eg føler eg har hatt det i praksis, men me treng meir av det! Ei slik ordning tykkjer eg gjenspeiler ein tanke om at læraryrket i fyrste rekke bør forstås som pratiske dugleikar, som vert best mogleg tileigna i praksisfeltet! Me kan sitte på kunnskapar ifleng igjennom lesing av teori og reflektere rundt alt stoffet, men det er når me kjem ut i det verkelge livet at me ser korleis det verkeleg fungerer. Eg ikkje at pedagogisk teori er nyttelaus, tvert i mot. Erling Lars Dahle ( 2001 ) påpeikar at pedagogisk teori kan brukast til refleksjon over praksis, blant anna for å hindra at praksis stivnar i dogmatiske vaner, rutiner og handlemåtar. Noko me gjorde medan me var i praksis!
" Pedagogikkfaget skal føre til økt innsikt i og forståelse av hvordan barn, unge og voksne tilegner seg kunnskaper, ferdigheter og holdninger og sosialiseres inn i sitt samfunn "( Risnes, Lyngmark 2007 ). Det er litt artig og tenkje på pedagogikken og dens bruk i skulen, fordi det er så mange parallellar til dette i akkurat det me har drive me i faget dette året. Eg som student har lært mykje igjennom førelesningar, sjølvstudium, gruppeundervisning og diskusjon i fellskap. Her tykkjer eg ar Birgit og Ashild har gjort ein god jobb. Dei har tilnærma arbeidsmåtane i pedagogikken veldig bra i høve til det som er essensen med bodskapet i faget. Måten me jobbar på har gjort at eg har i stor grad utvida eit sjølvstendig høve til den kunnskapen eg har tileigna meg!
Det er ting eg utvilsamt kunne vore betre på, og det er å jobba jamt og trutt med Bloggen. Det har vorte litt i rykk og napp. Eg ser utvilsomt store fordelar ved at mange studentar er aktive med bloggane daglig og held diskusjonar rundt interessante emner. Me vert etterkvart så "drivne" i faget, and me vil auka vår faglige kompetanse, nyansera syna våre, få eit betre fagleg språk og ikkje minst ha det gøy over bloggen. Eg har følgd veldig godt med i førelesningane og hatt veldig stort utbyte av det, men ikkje fått det på bloggen med "ein gong ". Dette er noko eg vil forbetra til hausten. Det er viktig med god studieteknikk, og det er noko me utviklar over tid.
Etter eit år med Pedagogikk sit eg igjen med ei oppfatning av at dette er eit veldig komplekst fag. Kjernen i pedagogikk er uansett didaktikken. Steffensen (2003) seier så fint at "det finnes didaktiskk når det finnes pedagogikk ". Når eg leste boka til Risnes, Lyngmark, kom eg over ein modell som viser dei pedagogiske disipliner, og viser godt det me har lært dette året, og kva meir me kan læra av det. Det er ting me kan enno gå mykje meir innpå, og det me er byrja på, er berre byrjinga! Eg fekk ein liten a-ha oppleving :)
Med didaktikk i kjernen, omhandlar det følgande komponentar:
* Historisk pedagogikk
* Komparativ pedagogikk
* Pedagogisk filosofi
* Pedagogisk teologi
* Pedagogisk psykologi
* Pedagogisk sosiologi
Når det kjem til mitt pedagogiske grunnsyn har er det fortsatt det same som det var i hausten, men dette synet er blitt supplert med andre teoriar og metodar som let seg kombinera i lag med dei viktigaste elementa i Vygotskij sine teoriar. Piaget med akkomodasjon og likevektsprinsippet heng saman med den proksimale sonen at eleven har noko og strekke seg etter, noko nytt og strebe etter. Bruner med stillas prinsippet er viktig med tanke på tilpassa opplæring. Skinner og hans "enkle" belønningsmetodar, fungerar effektivt, det såg me i praksis. Dette er berre nokre av teoriar som eg har " falt " for , og som eg kan kombinere med mitt grunnsyn. Dette kunne eg ikkje gjort om eg ikkje hadde vore i praksis. Det å vera ute i praksis gjer at eg kunne "eksperimentera" med ulike metodar og didaktiske teknikkar, og på supplert med dette kom råd og tips frå erfarne øvingslærarar. Det var difor veldig godt for meg å ha lese godt igjennom masse av den pedagogiske filosofien før eg gjekk ut i praksis.
Arbeidet med matte og pedagogikk oppgåva gjorde at eg måtte enda djupare inn i pedagogikken, ikkje minst den didaktiske delen av matematikk som var veldig interessant. Konklusjonen blir som nevt at praksis/oppgåvene/førelesningane ikkje har forandra mitt pedagogiske grunnsyn, men heller gjort at eg er open for andre teoriar kombinert med dette. Dette tykkjer er berre er bra, sidan det er ingen fasit på kva teori som er best, og ingen lærar er utlært. Me må berre henge så godt me kan i notida, og kombinera så godt me kan det me har sugd til oss av ulike kunnskapar på forskjellige plan. På denne måten vil me etter mi meining ha størst mogleik til å tilnærma oss tilpassa opplæring og meiningsfulle undervisningstimar i skulen.
Eg har igjennom matte og pedagogikk oppgåva presisert kor viktig eg meiner rolla til læraren er i skulen. Me er den viktigaste faktoren! Det er noko me må vera klar over. Etter den siste praksisperioden var dette noko stod enda sterkare for. Eg har også vore litt vikar og assistent på Hystad Skule. Gode lærarar har generelt snille elevar, og dårlige lærarar har større sannsyn for meir variasjon i klassen. Det er kanskje ein tøff påstand, men mi erfaring foreløpig seier dette :) Me former, oppdrar og lærar menneske. Me er ven, me er veileiar og me er ein vaksen som stolar på. Det er fascinerande :)
tirsdag 29. april 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Takk for i år, Håvard...
Det har vore kjekt å bli betre kjend med deg...
Birgit :-)
So good......
Legg inn en kommentar