Etter ei undervisningsøkt har ein lærar gått igjennom det emnet/målet med timen. Men har elevane lært noko? Me har nokre verktøy for å "måle" kva elevane har lært; Formativ og summativ vurdering. Summativ vurdering vil seie ei sluttvurdering, der ein gir informasjon om nivået til eleven i det aktuelle faget ved f.eks avslutninga av skuleåret. Formativ vurdering, eller undervegs vurdering legger til grunn at ein må ikkje berre måle resultata i etterkant, men ein må gå inn i prosessen undervegs for å finne ut kva som fungerer bra og mindre bra.
Eg tykkjer formativ vurdering er det som legger mest vekt på korleis læring best skjer, då det fokusrer meir på prosessen og forståinga, enn sjølve produktet. Summativ vurdering kan i somme tilfelle vere mistolkande. Om ein elev gjer det bra på eksamen og har pugga alt i eit fag, vil ikkje det naudsynt bety at eleven har dyktig i faget. Det har med mekanisk og operasjonell forståing for faget. Lærarar bør etter mi meining legge meir vekt på arbeidsspross/ samarbeid / vurdering / refleksjon, undervegs i arbeidet.
Ifølge Franke-Wikberg ( 1990 ), er det fem grunnleggjande spørsmål ein kan stille seg når deg kjem til alt vurderingsarbeid:
- Kva skal me vurdere?
- Korleis skal me vurdere?
- Kven skal me vurdere?
- Kvifor vurderer me?
- Kven skal ha tilgong til resultata
Elevvurdering er veldig sentralt, og har vokst meir og meir dei sist tiåra. I høve til Risnes, Lyngmark ( 2007 ) er det i forskrifta til opplæringslova understreka betydinga av at elevane deltar i vurderingsarbeidet. Det er viktig at lærar og elev samarbeidar, slik at elevane utvikler innsikt i sin eigen læringsprosess!
Det er ikkje lærarens mål og kontroll som skal stå i fokus, men elevanes innsats, motivasjon, saman med planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av opplæringa står sentralt.Dei skal reflektera over sin eigen innsats, framgong og trivsel, samstundes som dei skal ha tilbakemeldingar og rettleiing frå læraren. Elevar vil etter mi meining skapa fleire ting under denne prosessen. Ansvar, tillit, forventningar, motivasjon og openheit i høve til lærar og andre elevar er viktige element som vert stimulert. Elevar kan vera med og vurdera seg sjølve ved:
- Elevsamtalar
- Logg
- Opplæringsbok
- Daglig respons og samtalar etter behov
3 kommentarer:
Hei.
Du har mange gode refleksjonar synes eg.Eg er enig i at Wikberg sine spørsmål er sentrale å stille seg når det gjeld vurderingar i skulesamanheng.
Vil ønska deg lukke til med innspurten og eksamenar i dei andre faga og:)
Heidi
Jo takk, og lige så!
Wikiberg sin modell, er ein god "mal" for generell vurdering av det meste. Difor er den god å ha i bakhovudet for alle studentar tykkjer eg!
Legg inn en kommentar