tirsdag 29. april 2008

Tilpassa opplæring

Eg kan med handa på hjarta sei at tilpassa opplæring er den største og mest utfordrandre jobben ved å vera lærar. Målet bør jo vera og tilpassa "alle elevane ", men er dette praktisk mogleg?

Imsen peikar på mange faktorar innan læringsforutsetningar, som blant anna kunnskapar, fysisk utviklking, intelligensformer, personlegdom eigenskapar og kulturell tilhørighet utgjer det viktigaste. Då ser ein også vekk ifrå kjønn, som også skiller elevane på ein rekke områder. Jau, det verkar skrekkeleg å ha oversikt over "så mykje", og om dette i det heile tatt er mogleg. I praksis må me som lærarar prøve så godt me kan å tilnærma oss til elevane å gi dei best mogleg tilpassa opplæring. I blant må me sjå ting i heilhet, og sjå kva arbeidsformer som vil vera best for mengden, medan me må ha reserveløysingar i bakhand.

Imsen snakkar også om ei "mange dimensjonal tilnærming", der eg tykkjer ho på ein god måte har brukt litt av Gardner, litt motivasjonsteori, kulturteori og kognitiv læringsteori. Modellen inneheld åtte dimensjonar, som omhandlar ELEVEN.

  • Kulturell forankring
  • Kunstneriske evner
  • Sosial utvikling
  • Sjølvinnsikt
  • Fysiske forutsetnader
  • Motivasjon, interesse
  • Faglig kunnskapsnivå
  • Kognitive evner og kognitive prosesser
Eg tykkjer desse omgrepa viser kor viktig tilpassa opplæring er, og kor mange moglegheitar det er for å legge til rette/førebyggje og kartleggje høve i klassen. Det viser også at me må bruka "alt" me lærar i pedagogikken, for å tilpassa best mogleg undervisninga. Denne modellen vil også fungere best om det foregår over tid. Det er ikkje like lett for ein vikar, når ein ikkje har nokre kunnskapar om elevane. Eg har vore vikar på Hystad Skule ei stund no, og merkar kor mykje lettare det har blitt etterkvart. I byrjinga var det ikkje like lett. Når ein kjenner elevane, ligg alt mykje meir til rette, som i denne modellen for tilpassa opplæring.

Det er fleire teoretiske perspektiver på tilpassa opplæring, og nokon er eg kritisk til, fordi dei blir "enkle" og ikkje tek nok hensyn til eleven.

Behavioristisk tankegong, i høve til Pavlov og Skinner går på stimuli - respons prinsippet. Teorien har ikkje berre ei mekanisk tilnærming, men læringssynet er i tillegg altfor optimistisk. Individet er eit passivt vesen, og vil etter rett stimuli og tempo kunne lære kva som helst. Dette tykkjer eg setter eit heilt feil syn på eleven, ein skal jo vera aktiv! Ikkje minst er det mange andre fysiologiske og psykologiske element som vil spele inn på korleis ein elev vert påverka og treng tilpassa opplæring. Dette synet vert difor firkanta og ur-konservativt.

Piaget har nokre interessante punkt i sitt syn på tilpassa opplæring. Hans teori om akkomodasjon og at det bør oppstå ubalanse i elevens forståing er relevant. Det skal vera litt vanskeleg! Eleven skal gå rundt med ei kjensle av at " her er det noko som manglar, eller noko som ikkje stemmer. Kanskje eg må tøya meg litt for å klara det eg skal gjera? " Problemet med denne teorien er at det vil i somme tilfelle ligge veldig klare begrensingar i kva ein elev kan klare, relatert til modningsprosessen hos eleven.

Teorien eg meiner klarast belyser og tek hensyn til tilpassa opplæring er Vygotskij's teori. Eg vil nedtona betydinga av læring i sosialt fellesskap under dette, sidan elevar med tilpassa opplæringsbehov, ikkje alltid vil ha kome like langt i den sosiale utviklinga. Så godt det let seg gjere, bør ein prøva å få elevane i samspel om det let seg gjera. Det som er relevant er hans teori om den proksimale utviklingssona, og at ein bør nytta dei uendelege moglegheitane som ligg i språket som vårt viktigaste reiskap.

Elevane er ofte på ulikt nivå , men innanfor desse rammene, er det viktig at eleven får utfordringar, slik at dei kan utnytta potensialet sitt best mogleg! Spørsmålet blir difor ikkje kva elevane KAN, men kva moglegheitar dei HAR til å klare nye det nye med hjelp og støtte.

btykkjer eg også er relevant, og som eg kjenner meg igjen i. Nokre elevar har ein heilt anna "tone" med ein lærar enn dei har med anna anna, og vil få forskjellig motivasjon alt etter kva "pedagog" som underviser. Poenget vert at me kan ikkje berre fokusere på eleven, når me skal utforma tilpassa opplæring. Me må også vurdera samspelet eleven er ein del av.

I praksis såg eg mange dømer på tilpassa opplæring. Somme elevar jobba i tregt tempo i høve til andre, men fekk like mykje skryt om dei "prøvde " seg på, eller gjorde 1-2 oppgåver av samme grad som resten. Nokre elevar vart også plassert strategisk ut ifrå samspel med andre. Eg tykkjer at dei svake elevane vart sett veldig godt, men dei faglig sterke elevane var kanskje dei som ikkje vart sett nok. Eg såg sjeldan at dei fekk ekstra oppgåver, eller nokre skikkelege utfordringar på slutten av timen. Dei fekk kanskje beskjed om å teikne litt, lese i boka si. Dette er utvilsamt ei utfordring for lærarar, sidan dei flinke elevane ofte er dei som ikkje får flyte i den proksimale utviklingssona så mykje som dei bør gjere.

2 kommentarer:

heidi sa...

Ja det fristar ikkje å vera så kritisk ven nå ein time før slutt,men...
Nei da eg syns du reflektere bra og får med deg det mesta, ingenting å setja fingeren på:)
Vil heller ønska deg ei fin langhelg:)
Heidi

Håvard Haga sa...

Haha, du får ha ei gode helg Heidi! Lukke til med oppgåva den siste halvtimen viss du ikkje har levert :)