tirsdag 29. april 2008

Oppsummering av året - Skulefrukost

Jau, dette var ei hyggeleg økt! Kva student fekk i oppgåve å ta med seg eit pålegg til frokost på Børtveit. I eit for så vidt intimt lokale satt me på 3 langbord og koste oss.

Målet med denna økta sett vekk ifrå frukosten, var at me skulle snakka litt om året som har gått, og særlig diskuterte me bloggen. Praten gjekk litt over i Birgit og hennar arbeidsmengder, og studentane sitt sluv på bloggen. Me skal skjerpa oss. Håpar verkeleg du forsetter til neste år Birigt!

Dette var ikkje fyrste gongen Birgit tok ein "vri" i undervisninga. Ho har tidligare brukt frukt, levande lys og musikk for å muntra oss opp, og jammen greidde ho det denne gongen og! Eg har ikkje hatt slike "vriar" sidan eg gjekk på barneskulen, og ser absolutt eit større behov for dette på ungdomsskulen og vidaregåande. Dette er noko for elevar i alle aldrar, det skal ikkje meir til!

Ein fin avslutning på eit veldig kjekt år med pedagogikk. Me snakkas til hausten Birgit. * blink blink * !

Ingen kommentarer: