fredag 28. mars 2008

Yrkesetisk prosjekt + Sjølvbilete og attribusjonsteori

Me har over 3 dagar jobba med eit yrkesetisk seminar. Me vart delt i blanda grupper 3-4 stk frå A- og B klassen. Eg vil her rosa valget om å blanda gruppene, då dette har vore kjekt og nyanserande. Fyrste delen av prosjektet gjekk ut på og laga 10 bod om kva det vil seie og vera ein god lærar.Den andre delen gjekk ut på at me fekk presentert 4 ulike "cases", der me skulle utifrå to handlingsalternativ diskutera ut ifrå konsekvensetikk og pliktetikk med konklusjon til slutt.

Prosjektet har vore veldig interessant. Det å sitje saman i grupper og diskutere omdiskuterte situasjonar som kan oppstå i læraryrket, er mykje betre enn å lese berre i boka. Det som har vore kanskje mest tankavekkane er at ting eg trudde var "lov" eller var "greit" og gjere som lærar, faktisk ikkje alltid er etisk riktig. Læraryrket er styrt av lover og reglar som me må forholde oss til. Det å sjekke opp i lovverket på nettet og sjå kva grenser og begrensingar som er satt, har vore veldig interessant. Eit godt eksempel kan vere case 2, med Brita og mora til Benjamin som blir ledd av. Før eg undersøkte lovverket og me fekk diskutert dette i ope forum, trudde eg at dette var heilt greit og normalt for lærarar å gjere. Lærarar kan ha tunge dagar, og då kan det berre vere godt å le litt av slikt på lærarrommet. Ein kjem også inn på "lærarkoden" som er forskjellig, alt etter kor ein bur i landet.

Siste dagen samla alle gruppene seg, og kom med delte og forskjellige meiningar. Dette "runde bordet" var veldig konstruktivt og me fekk ikkje bare bekreftelse på ein del av våre konklusjonar, men fekk også nyanserte og nye inputs frå dei andre gruppene. I tillegg har dette med pliktetikk og konsekvensetikk blir 100 % klart etter dette prosjektet, og ikkje minst ei øving for oss som lærarar og differensiera syna våre i vanskelege situasjonar som kan oppstå i læraryrket.

Eg vil difor konkludera med at ein slik munnleg arbeidsform vil eg absolutt oppfordra til å ha fleire gonger.

Sjølvbilete og attribusjonsteori

Sjølvbilete heng saman med identitet og korleis me oppfattar oss sjølve. Dette gjer me basert på omverdenen og miljøet rundt oss. Hadde ikkje eg fått respons på mitt intellekt og personlighet igjennom opplevingar og erfaringar, hadde eg aldri skapa den identiteten eg har skapa til no.
Me kan dela sjølvet inn i "eg " og "meg". Eg er det ubevisste, medan meg er bevisst og fungerar som ein observatør. Det er jo ganske logisk, men artig og tenkja på i den faglege samanhengen me fekk det presentert i!

Ut ifrå dette, er det viktig at læraren er bevisst på dette i skulen. Ein lærar som ikkje er genuin i tilbakemeldingane sine, set elevar i "båsar", og ikkje viser glød og engasjement for faget, vil påverka elevane. Det er difor viktig at me tenkjer over kva signal me sender ut til elevane. Kroppsspråket er ikkje alltid det lettaste og kontrollera og somme gonger gjer me spontane rørsler og singal. Det er også viktig å tenkje på at elevane leser kroppsspråket vårt, det er tydligare enn det me trur!

Pakka inn i dette, kjem me inn på attribusjonsteori. Denne teorien går ut på at menneske tolker annleis og tenkjer annleis. " Den enkeltes indre tolkningsprosess er med på å forme selvoppfatningen". ( Imsen,2006:460) Måten lærar utrykker seg på kan krenka/såra, og skapa utilstrekkelighet hos elevane om ikkje læraren er årvåken for korleis elevane tolkar kommunikasjonen.

Me hadde også ei oppgåve som gjekk på kjønnsproblematikk i skulen. Me las ein tekst om kjønn og kjønssidentitet, og det kom klart fram at gutar og jenter er forskjellige, både fysisk og psykisk.

Gutar har ofte større tru på seg sjølv og sine evner, mens jenter ofte har mindre tru på seg sjølv og skuldar på flaks eller lette oppgåver viss dei gjer noko bra. Det kom fram ein tolkningsmodell der gutar og jenter tolkar tolking av suksess og nederlag heilt annleis. Det verkar som det er meir eit kjønnsproblem enn eit problem, med det finns jo unntak.


Det beste vil vere for oss som lærarar og behandla elevane individuelt og ikkje fokusera på statistikken. Det viktigaste vil vera for jenter og gutar at dei skal gleda seg over suksess og tru på eigne ferdighetar. Om dei opplever nederlag, bør ein heller ikkje skulda på ytre årsaker, ein vil ikkje betre situasjonen då. Bygg på det ein er god til, og gi konstruktiv tilbakemelding!

4 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Håvard...
Kjekt at du fann denne formen for arbeid både lærerrikt, nyttig og kjekt i høve til både samarbeidet i nye grupper, og "rundebord" konferansen.
Du skriv i innlegget ditt om "lærarkoden" - eg trur nok du meiner "skulekoden" her - det som sit av uformelle reglar og normer i "veggane" på den einskilde skulen. Der er det store ulikskapar frå skule til skule og landsdel til landsdel, som du ganske riktig påpeikar.

Birgit :-)

MALIN E. KRAKK sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
MALIN E. KRAKK sa...

Hei Håvard! :)
Eg er kjempeeinig i det du kjem med her; dette var ein knallgod metode som eg trur me alle har lært mykje av! Å jobbe med slike etiske problemstillingar i praksis, og å få arbeide med å løyse slike casar, lærar ein mykje meir av enn å lese seg til dei. Ein må verkeleg gå inn i seg sjølv (og teorien sjølvsagt) og finne ut: kva er det eigentleg som skjer i denne casen? Kva bør ein, og bør kan ein ikkje, gjere i forhold til den pliktetiske modellen? Den konsekvensetiske modellen? Dette freistar uansett til tilgjentaking! Er det noko du i løpet av desse tre dagane særskild har tenkt på, og som du eventuelt vil ta med deg/ikkje ta med deg ut i læraryrket?

Håvard Haga sa...

Det er ingen tvil om at denne oppgåva gav meg eit nyansert syn på etikk i lærar yrket.

Det er med stort sannsyn kjem til å ta til meg vidare er å reflektere godt over dei vala eg gjer, og kan grunngje dei. Pliktetikken begrenser kanskje kva val me kan gjere, med konsekvensetikken, kan vere god å tenkje på om eg vil differansiere syna mine. Det å stille seg sjølv spørsmål, og ikkje berre frå ein synsvinkel, trur eg vil på sikt betra vurderingsevna vår, når me tar val på bakgrunn av konsekvens og plikt etikk.