fredag 28. mars 2008

Då var praksisen over....

Påskeferien er no over, og eg har no gjennomført 3 veker til i praksis. Det var trist og ta farvel med øvingslærarane og ikkje minst elevane, for tida i praksis har vore veldig givande. Eg vil summera opp litt i høve til det eg har fått ut av praksis periodane, og særskilt dei 3 siste vekene.

Målsetjinga mi desse tre vekene: Oppnå større innsikt i korleis dei svakaste elevane i klassen lar seg påverke av ytre og indre faktorar, å stimulere dei til å jobba betre.

Det å vere godt førebudd til sin eigen time er rota til å god undervisning. Ein lærar som er trygg på stoffet i faget, viser ikkje tvil føre elevane. I tillegg tykkjer eg at læraren skal vera engasjert og ha ein brennande glød for faget. Læraren skal visa eit kroppsspråk som fortel elevane at ”brøk er gøy! ”, eller ” korn er sunt! ”. Eg har sjølv erfaring med mange lærarar som utrykkjer seg keisamt og umotiverande i timane. Dette lar mange elevar seg smitta av.
Etterkvart som ein vert betre kjend med elevane, finn ein som lærar fleire strenger og spela på. Eg ser no kven som treng meir hjelp enn andre, og korleis eg kan motivera dei. Nokon treng eit klapp på skuldra, andre treng at du kjem til dei og ser dei i auga og seier; ” Dette veit eg at du greier! ” Nokre elevar treng ein annan motivasjon, der eg kan seie; ” Eg trur ikkje du greier å arbeida deg fram til 2.59, det er jo så mange oppgåver! ” Eleven vil då bevise at han kan greie det. Alle sitata ovanfor er ting ein kan bruke når ein kjenner elevane betre. Om ein ikkje kjenner dei godt nok, og brukar dei ulike knepa på feil måte, kan det slå feil veg.

Noko eg har prøvd å bidra med sjølv er og få elevane til å forklara meir når dei skal svare. Om eg stiller eit spørsmål til eit reknestykke vil eg ha meir enn berre svaret. Eg ber gjerne eleven om; ” Kan du forklara for klassen korleis du løyste det reknestykket? ”, eller ” Kan du komme fram på tavla og visa korleis du løyste reknestykket? ”. Dette stimulerar elevane til å vera meir aktive i spørje og svar prosessen. Det er også berre positivt at andre enn lærarar alltid skal svara på om eit spørsmål eller eit reknestykket er riktig svara på. Det er sjølvsagt ikkje alle elevar som er like trygge i det og stå framfor klassen å forklara og visa framfor tavla, og eg vil ikkje tvinga dei heller. Men jo fleire gongar dei ser eleven/kompisen/veninna gjere det, jo meir håpar eg dei tør og gjere dei til neste gong.

Eg vil avslutta med tilpassa opplæring. Ein vil alltid ha tilfelle, noko som har auka dei siste åra, og som sikkert vil auke meir, der elevar treng spesielle hensyn. Nokon har skrivevanskar, andre har talevanskar, og nokre bråkar altfor mykje. Ein skal ikkje setje like høge krav til alle, for klassen er ulik, spesielt i 12 års alderen. Som Rektor på Langeland Skule, Eva Tofte sa, er ho i likhet med vår praksisgruppe inspirert av Lev Vygotsky og hans teori om den proksimale sonen. Elevane har ulike grader av nivå dei treng hjelp på og ikkje, for å meistre oppgåvene. Ein hjelper mykje elevane som treng det, og mindre dei elevane som ikkje treng det.

Ei kort oppsummering av ting eg såg var veldig viktig i praksis.

- Godt førebudd til timane. ( Struktur i timen, teori, ekstraoppråver og glød! )
- Engasjert og motivert arbeidsleiar. Ser alle elevane.
- Spelar på ulike strenger i høve til ulike elevar for å oppnå motivasjon. Set krav om at
ein kjenner elevane.
- Aktivisere elevane.
- Tilpassa opplæring

Det å jobba ute i "det verkelege livet" har verkeleg vore ein tankevekkar på mange plan, og gir eit enormt utbytte av læring. Neste år vert det praksis i småskulen med andre elevar.

Men eg sit igjen med minner og kunnskap eg tek med meg vidare i utdanninga. Eg vil elles takka for godt samarbeid på praksisgruppa, og med teamet på 6.trinn generelt. Me har jobba tett og fordelt oppgåvene greit. No går vegen vidare..

Motivasjon

Motiavasjon er alfa omega for ein elev. Det er det som skapar aktivitet hos eleven, det er det som held aktiviteten ved like, og det som gir han mål og meining. Motivasjon står difor heilt sentralt når det gjelder å forstå menneskleg åtferd, noko eg har sett klart i praksis.

Me skiller mellom indre og ytre motivasjon.

Indre motivasjon: Aktiviteten, læringen eller arbeidsprossesen holdes ved like på grunn av interesse for saken, lærestoffet eller handlingen i seg selv. ( Imsen 2006:382)

Ytre motivasjon: Aktiviteten eller læringen holdes ved like fordi individet ser utsikter til å oppnå en belønning eller et mål som egentlig er saken uvedkommende. ( Imsen 2006:382 )

Det er ønskeleg at ein elev skal jobbe ut ifrå indre motivasjon, også kalt naturleg motivering. På denne måten vil eleven få ein meining og mål med arbeidet, og minst vil sjansane for større operasjonell forståing bli større. Den ytre motivasjon er utvilsamt det mest vanlege. Karaktersystemet, og belønninger som ikkje har noko med arbeidsprosess eller mål og gjere er til stades i skulen kvar dag. Men er det så negativt?

Eg stiller meg det spørsmålet gong på gong. Spesielt etter eg har vore i praksis. Belønningar som å skrive namnet sitt på tavla, lengre friminutt, bingo o.l er ytre motivasjonsteknikkar som har vist seg å vera vanvittig effektive i klasserommet. Eg tykkjer det er viktig å legge til at sjølv om ein elev startar med ytre motivasjon, er han ikkje "låst" til dette. Forhåpentlegvis vil eleven etter gjennomarbeiding av stoffet, oppnå meistringglede og forståing av stoffet som gjer at eleven etter kvart skapar meir og meir indre motivasjon. " Dette var jo kjekt allikevel. Det var jo ikkje så vanskeleg som eg trudde ". Eg tykkjer difor det er viktig å bruke begge teknikkane, der målet vil sjølvsagt vera å la elevane arbeida så mykje dei kan etter indre motivasjon.

Motivasjon heng saman med fleire ting hos ein menneske. Matthews og Zeidner( 2004 ) fann ut av ei tredeling i menneskesinnet som er kalla " sinnets triologi ". Omgrepet omhandlar samspelet mellom kjensler, fornuft og motivasjon. Dei tre grunnleggjande dimensjonane er:

  • Kjensler
  • Kognisjon
  • Motivasjon
Eg føler her at Maslows behovshierkarki er veldig vesentleg. Maslow skil ut fem behov han meiner er grunnleggjande. Desse må ikkje bli sett isolert frå kvarandre, men i samanheng. Grunnen er at menneske ser ut til å vera eit søkjande vesen.

  1. Fysiologiske Behov
  2. Behov for tryggleik og sikkerheit
  3. Behov for kjarleik og sosial tilknytnad
  4. Behov for anerkjenning og positiv sjølvoppfatning
  5. Behov for sjølvrealisering
Sjølv om ein elev i skulen ikkje har motivasjon i eit tilfelle, treng ikkje dette berre ha noko med ting i klasserommet. Eleven kan vera påverka av andre faktorar. Har eleven det godt heime? Har eleven tryggleik og venner på fritida? Plar ikkje eleven å få ros, eller har han angst? Det er mange ting som kan påverke menneskesinnet og korleis individet forholder seg til tilværinga på, og dette er ikkje alltid like lett for ein lærar å sjå. Det er difor viktig at me på beste måte klarar og kartleggja dei ulike elevane og følgje dei opp.

I praksis fekk eg informasjon om nokre elevar som hadde litt å stri med i heimen, og dette kunne gjenspeila atferda på skulen. Det at ein lærar bryr seg om elevane og har oversikt over dei så godt han kan, vil også skapa eit tillitsforhold til elevane. Denne relasjonen kan bidra til at elevane jobbar, lyer og tiar stiller i klasserommet.



2 kommentarer:

MALIN E. KRAKK sa...

Hei Håvard!
Du er flink til å reflektere over ting du har opplevd i praksis! Eg la særskild merke til målet du hadde sett deg for perioden; som gjekk på å observere dei "svake" elevane i klassen. Spanande! Eg ser du har opplevd mange gode situasjonar, som går på dette med drahjelp og motivering. Håpar dette har utfordra deg, på ein positiv måte! Slike "gode" spørsmål som du nemnar i innlegget, har eg også fått bryne meg på, og dette er kjekt når ein ser at eleven skjønar kvar ein vil hen! Oppsummeringa di på slutten er flott; berre den i seg sjølv viser at du kan reflektere og tenkje over særs viktige faktorar i skulen, og ikkje minst i høve til det målet du sette deg.
Me vart på førehand av praksisperioden utfordra av Birgit til å legge opp til IKT i undervisninga. Har du fått prøvd deg på dette feltet? Kva synest du om å planleggje ein lengre praksisperiode med meir ansvar? (fleire fag, asvarsområde, o.l)

Malin

Håvard Haga sa...

Hei Malin!

Eg har fått prøvd meg ut på IKT. Me hadde blant anna eit prosjekt i punktpraksisen, sjølv om det ikkje gjekk føre seg i denne perioden, vil eg sei det er det beste eksempelet på korleis det fungerte i undervisninga. Oppgåva var at elevane skulle presentera eit av tre emner dei kunne velja imellom. Dei skulle bruka bilete og informasjon, me hadde lagt tilgjengeleg for dei på fronter, og i klasserommet. Dei jobba kjempebra over 3 timar, og samarbeidet var grundig og eksprimenterande. Dei lærte mykje om Microsoft Powerpoint, som dei skulle presentera emnet sitt i.

Det var eg som hadde innføringa i programmet, dette var ei god øving for meg. Det er ikkje bare enkelt og læra frå seg IKT. Ein må vera konkret, gjera det i passe tempo og vera tydelig, og inkludera klassen medan du viser på overhead. Dette fungerte veldig bra for meg, og det er noko eg vil anbefala deg å gjera om du skal innføra elevar i eit program nokon gong :)

Dette med å planleggje ein lengre praksisperiode med meir ansvar har vore veldig kjekt. Det å få ansvar er berre kjekt, og gjer at du føler tillit til øvingslærarane. Tillitt skapar igjen sjølvtillitt, som gjer at eg har trua på det er gjer, ilag med praksisgruppa. Det å planleggje over lengre tid, krever også etter mi erfaring, mykje tolmod, openheit og struktur i gjennomføringa. Desse "møta" som praksis gruppa hadde, var veldig lærerike, i tillegg fekk me tips frå øvingslærarane i høve til fordeling og tid.

Håpar du fekk svar på det du spurte på. Berre spør om det er noko meir du føler du ikkje fekk heilt klart svar på.

- Håvard