tirsdag 9. oktober 2007

Læringsteoriar

I dag fekk me lansert dei ulike læringsteoriane. Fram til neste veke skal eg jobba med eit av grunnsyna; Behaviorismen. Resten av gruppa skal også lese om dei andre grunnsyna, for å deretter framføra det for kvarandre. På denna måten skal me danna vår " pedagogiske plattform ".

Alt dette byggjer opp til oppgåva me skal gjere, nemleg ha ein presentasjon om ein, fleire, eller ein spesifikk metode innan læringsteoriane. Me står me andre ord veldig ope til å gjere det me vil. Eg er fornøgd med korleis me får bruka våre eigne syn og tankar på kor me ligg reint pedagogisk i læringsteoriane. Som Birgit sa, blir alle desse grunnsyna bruka flittig i heile Norge.

Eg har kikka litt på behaviorismen, og måtte smila godt då eg las litt om sjølve stiftaren av Behaviorismen, John B. Watson. Han var MEGET objektiv, og heilt utelukkande til introspeksjon. Han måtte til slutt godta at verbal rapport ( tale=atferd=observerbart ) også kunne bli godteke som eit del av grunsynet hans. Her er ein formak på kva han meinte.

" Behavioristene mener at det er ingen indre egenskaper å utvikle. Starter man med et sunt legeme, det riktige antall fingre og tær, øyne og de få elementærbevegelser som er til stede ved fødselen, har man alt det råmateriale som skal til for å lage en mann, enten denne mann nå blir et geni, en kultivert gentleman, en slusk eller en rovmorder ", ( Watson, 1932 )

Ser fram til å jobba med dette! Kjem meir om læringsteoriane etterkvart.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Håvard...
Ja, det er ikkje tvil om at læringsteoriane ber preg av den tida og det samfunnet som var då dei såg dagens lys. Når det gjeld læringsteoriar er det viktig å hugsa på at vi heile tida er i utvikling, og finn nye allmenne "sanningar" (paradigmer), ingenting er "hogd i stein" for å seia det sånn, men det er moro og interessant å setja seg inn i, og svært relevant for yrket de har valt fordi det får så stor betydning for eiga undervisning og kva ein meiner har noko "for seg"... Skal bli spennande å sjå kva de kjem opp med neste måndag.

Birgit :-)