tirsdag 2. oktober 2007

Observasjon

"Systematisk iakttakelse hovedsakelig ved hjelp av
synssansen. … de andre sanseinntrykkene,. supplerer
synsinntrykkene".

Emnet under praksisveka i veke 38 er Observasjon. Me skal vera "svampar" og suga til oss så mykje kunnskap og informasjon som mogleg. Det og iaktta elevar skal ikkje takast for lett på.
Me gjekk igjennom ulike loggtypar som kan brukast, og prøvde praktisk ut minuttobservasjon på ein enkelt elev.
Eit av måla mine under praksisveka er å bli kjend med elevane ( så mange som mogleg ). Minuttobservasjon vil ikkje vera særlig effektivt i høve til dette. Som studentar må me "visa " oss i klasse, vera opne for å gi ei hjelpande hand, og " sjå " så mange som mogleg. Då nyttar det ikkje og sitje med ei notisblokk og skrive kontinuerleg i 40 minuttar.
Som definisjonen seier ovenfrå tykkjer eg at det og "berre sjå på det som skjer " ikkje er nok. Me som er så gamle blitt, 20 + hehe.... har utvikla stor forståelse for kroppsspråk. Det gir oss eit overtak i timane. Om me konsentrerar oss godt og kanskje observerar innan eit bestemt område " f.eks 3-4 elevar, vil me lettare sjå kroppsspråket til desse. Om dei kjedar seg, ikkje tør spør oss om hjelp, er sjuke eller andre ting. Barn spesielt i barneskulen er veldig tydlege på dette.
Som nevnt for å få auka forståing rundt eit konkret observasjonsobjekt, tykkjer eg det vil vera lurt og minimera synsområde. Og kikka på ein enkelt elev, eller eit enkelt bord vil gjera observasjonen meir effektiv.
Eg vil prøva og observera litt generelt i klassen den første dagen, for å få eit breiare perspektiv på elevane. Forhåpentlegvis vil det ikkje ta lang tid og sjå dei "skuleflinke ", bråkmakarane " "sjenerte ", eller dei merksemdsorienterte. Deretter trur eg det vil bli lettare og kartleggja kven som kan vera interessant og observera.

Kva eg vil sjå etter og ikkje, er litt vanskeleg og sei no. Forhåpentlegvis vil eg få meg eit par a-ha opplevingar, men mest av alt håpar eg og sjå klare samanhengar i korleis dei jobbar og fokuserar i høve til kva metodisk undervisning i eit fag.

Here we go..

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Håvard...
... no er jo observasjonspraksisen din over, og eg har lese kva intensjonar og meiningar du hadde gjort det på førehand i høve observasjonspraksisen. Sidan du no har fått gjennomført den, og veka er omme, lurar eg jo på kva du lærte av å observera elevane. Har observasjon som metode noko for seg? Kvifor er det så viktig i skulen?

Birgit :-)