mandag 22. oktober 2007

Oppdrag: Pedagogisk grunnsyn

Me har no framført i lag med resten av A1 kullet, ein rekke med presentasjonar om læringsteoriar. Inntrykka har vore mange, presentasjonsmessig og innhaldsmessig.

Pedagogisk sett, i laup av desse to vekene har eg sjølv fått eit nyansert syn på korleis dei ulike lærings perspektiva kan fungera i ulike høve ved læring. Det synet eg finn mest givande læringsmessig, og som er min "førebels plattform" er sosiokulturell læringsteori. Dette synet er også det som vert teke i bruk i pedagogikkfaget, og i andre fag på høgskulen.

Sosiokulturell læring tek utgongpunkt i at lærings skjer ikkje automatisk av seg sjølv individuelt sett, men i sosialt sampel med andre menneske. Språket er vår viktigaste "reiskap", og er utgongspunktet for tileigning av kunnskap og korleis me sosialiserar oss med andre. Gruppa mi har desse to vekene jobba med kvart sitt læringsperspektiv, og me har i lag fletta det i saman til ein presentasjon. På denne måten går me i lag, og gjer kvarandre og produktet betre. Kvar og ein har ulike impulsar ved presentasjon og i innhald, og det har vore veldig givande, og få konstruktiv kritikk frå dei andre studentane i gruppa si. Frå personleg vinkel, er det ikkje alltid lett og sjå sine feil, eller evt. glipp i eige produkt, og det kan vera forløysande og få eit anna hovud til å sjå igjennom stoffet. Slik har me alle løfta kvarandre. Eg vil forresten berømma gruppa mi, som er veldig oppriktige og konstruktive i arbeidsprosessen, det har vore veldig kjekt.

Eg skal ikkje gå så veldig detaljert innpå læringsperspektiva, me har alle ein god porsjon med kunnskap etter framvisingane. Eg vil avslutta med nokre punkt eg meiner er essiensielle i skulesamanheng, og som heng saman med viktige faktorar i sosio kulturell læringsteori.

- Læring resultat av sosial samspel
- Bruk og bevissthet av den proksimale sonen
- Vera obs på at kultur og miljø spelar inn på elevane sin kvardag. Stimlera til gode og sunne miljø er eit viktig ansvar for ein lærar, og ei samhandling med foreldra.
-Tilpassa opplæring
- Stimuler til eit aktivt elevmiljø i arbeidsprosesasr
- Uforutsigbarhet, lærar må vera obs på at elevar tenkjar og forstår annleis.

Det er også mange punkt i dei andre læringsperspektiva som kjem til gode i ulike læringssituasjonar, noko som me også får fram i presentasjonen vår. Alle syna har også sine "flaws" og vil ved feil stimulering, ikkje fungera i skulesamanheng. Om det er nyfikne til å sjå på powerpoint visinga vår igjen, er det mogleik for det! Fortvil ikkje! Gå på fronter -> Pedagogikk
-> Undervisning -> Veke 43 Framføringsmappa -> Pedagogikk prosjekt MCHG

Mvh Håvard

Revidert:

”…Pedagogisk grunnsyn er den virkelighetsoppfatning, de verdier og holdninger som ligger til grunn for pedagogisk praksis.”

”…All pedagogisk virksomhet formidler verdier. Det er nødvendig for de voksne i skolen å ha en bevisst holdning til verdivalgene foretar som oppdragere.”

Når me har vore ute i praksis har det vore veldig nyttig for oss å ha vår oppfatning på ulike metodar og teori i skulen, for så å prøve oss ut som pedagogar i skulen. Det er ikkje berre å "gå ut i skulen " og finne ut kva som er best utan noko som helst bakgrunn eller refleksjon rundt dei vala ein gjer. I høve til å ha eit pedagogisk grunnsyn har me som praksis gruppe tru på ulike metodar og didaktiske grep, me håpar vil fungera i høve til planlegginga. Dette gjer ikkje minst at me som lærarar og pedagogar kan evaluera korleis dette gjekk, kva kan bli betre og kvifor var det bra?

Som det andre sitat viser er det viktig for oss som lærarar å vera bevisste på dei vala me gjer, og at me har ein grunngjeve dei vala me velger og foreta oss. Det gjer også at me opparbeidar eit sjølvstendig syn på formidling av kunnskap. Eit pedagogisk grunnsyn vil også gjere at ein kan samanlikne teoriar og metodar med andre syn, og kanskje til slutt kombinere nokre av elelementa i desse ulike læringsteoriane. Det er ingen fasit.

3 kommentarer:

Gunnar sa...

Hoi.

Har som deg konkludert med at det er den sosiokulturelle læringsteorien som på ein måte skiljer seg ut i positiv retning når det gjeld dei ulike læringssyna. Samtidig trur eg at det er viktig å variere med tanke på undervisning og kva tid dei ulike syna og metodane kan passa. Det å kunne dra ut det beste av dei ulike metodane å kjenne til svakhetane er essensielt

Håvard Haga sa...

Jau, du har eit godt poeng, men det og dra inn ulike læringssyns under under situasjonar av læring, er ikkje bare gjort på ein to tre. Eg vil tru det krev erfering, årevis :)

Gunnar sa...

Nei det er nok ikkje det. Men det å foreksemel kunne bruke ytre motivasjon med ei "gullerot" i ein situasjon har eg sjølv vore med på at har fungert i ein heller umotivert klasse. Så ein treng jo ikkje være "Rakettforsker" for å løyse ein situsjon heller da:)