fredag 9. november 2007

Repetisjon læringsteori - Oppgåva mat/ped - Kurs i formatering i MS Word (oppgåveskriving)

Me starta dagen med ein oversiktleg repetisjon over ulike læringsteoriar. Birgit laga eit tankekart over kvart grunnsyn. Det eg syntes var bra med dette, var at Birgit knytta parallellar til dei ulike læringsteoriane, og viste korleis dei hadde utvikla seg, med tanke på filosofane. Det gjorde at eg kunne "sortera" litt i kunnskapen eg har skapa om læringsteoriar, sidan eg har forveksla blant anna element frå konstruktivismen og kognitivismen. Veldig lærerik økt.

I den andre økta for dagen fekk me eit lite påbyggingskurs i Word. Dette programmet er så mykje meir avansert enn det me er klar over!

Me gjekk blant anna igjennom korleis me kunne laga "malar" for oppsett av overskrifter, innhaldsliste og andre strukturmessige ting. Slike teknikkar var veldig interessant og lære seg. Eg ser kor mykje tid ein sparar, men ikkje minst at det vert ryddigare og meir "truverdig" og lese ei oppgåve.

Einaste eg har og utsetje på dette, er at gjennomgongen kanskje vart litt rask, og eg kanskje ikkje fekk alt med meg, men dette skal "friskast" opp igjen, utan tvil!

mandag 22. oktober 2007

Oppdrag: Pedagogisk grunnsyn

Me har no framført i lag med resten av A1 kullet, ein rekke med presentasjonar om læringsteoriar. Inntrykka har vore mange, presentasjonsmessig og innhaldsmessig.

Pedagogisk sett, i laup av desse to vekene har eg sjølv fått eit nyansert syn på korleis dei ulike lærings perspektiva kan fungera i ulike høve ved læring. Det synet eg finn mest givande læringsmessig, og som er min "førebels plattform" er sosiokulturell læringsteori. Dette synet er også det som vert teke i bruk i pedagogikkfaget, og i andre fag på høgskulen.

Sosiokulturell læring tek utgongpunkt i at lærings skjer ikkje automatisk av seg sjølv individuelt sett, men i sosialt sampel med andre menneske. Språket er vår viktigaste "reiskap", og er utgongspunktet for tileigning av kunnskap og korleis me sosialiserar oss med andre. Gruppa mi har desse to vekene jobba med kvart sitt læringsperspektiv, og me har i lag fletta det i saman til ein presentasjon. På denne måten går me i lag, og gjer kvarandre og produktet betre. Kvar og ein har ulike impulsar ved presentasjon og i innhald, og det har vore veldig givande, og få konstruktiv kritikk frå dei andre studentane i gruppa si. Frå personleg vinkel, er det ikkje alltid lett og sjå sine feil, eller evt. glipp i eige produkt, og det kan vera forløysande og få eit anna hovud til å sjå igjennom stoffet. Slik har me alle løfta kvarandre. Eg vil forresten berømma gruppa mi, som er veldig oppriktige og konstruktive i arbeidsprosessen, det har vore veldig kjekt.

Eg skal ikkje gå så veldig detaljert innpå læringsperspektiva, me har alle ein god porsjon med kunnskap etter framvisingane. Eg vil avslutta med nokre punkt eg meiner er essiensielle i skulesamanheng, og som heng saman med viktige faktorar i sosio kulturell læringsteori.

- Læring resultat av sosial samspel
- Bruk og bevissthet av den proksimale sonen
- Vera obs på at kultur og miljø spelar inn på elevane sin kvardag. Stimlera til gode og sunne miljø er eit viktig ansvar for ein lærar, og ei samhandling med foreldra.
-Tilpassa opplæring
- Stimuler til eit aktivt elevmiljø i arbeidsprosesasr
- Uforutsigbarhet, lærar må vera obs på at elevar tenkjar og forstår annleis.

Det er også mange punkt i dei andre læringsperspektiva som kjem til gode i ulike læringssituasjonar, noko som me også får fram i presentasjonen vår. Alle syna har også sine "flaws" og vil ved feil stimulering, ikkje fungera i skulesamanheng. Om det er nyfikne til å sjå på powerpoint visinga vår igjen, er det mogleik for det! Fortvil ikkje! Gå på fronter -> Pedagogikk
-> Undervisning -> Veke 43 Framføringsmappa -> Pedagogikk prosjekt MCHG

Mvh Håvard

Revidert:

”…Pedagogisk grunnsyn er den virkelighetsoppfatning, de verdier og holdninger som ligger til grunn for pedagogisk praksis.”

”…All pedagogisk virksomhet formidler verdier. Det er nødvendig for de voksne i skolen å ha en bevisst holdning til verdivalgene foretar som oppdragere.”

Når me har vore ute i praksis har det vore veldig nyttig for oss å ha vår oppfatning på ulike metodar og teori i skulen, for så å prøve oss ut som pedagogar i skulen. Det er ikkje berre å "gå ut i skulen " og finne ut kva som er best utan noko som helst bakgrunn eller refleksjon rundt dei vala ein gjer. I høve til å ha eit pedagogisk grunnsyn har me som praksis gruppe tru på ulike metodar og didaktiske grep, me håpar vil fungera i høve til planlegginga. Dette gjer ikkje minst at me som lærarar og pedagogar kan evaluera korleis dette gjekk, kva kan bli betre og kvifor var det bra?

Som det andre sitat viser er det viktig for oss som lærarar å vera bevisste på dei vala me gjer, og at me har ein grunngjeve dei vala me velger og foreta oss. Det gjer også at me opparbeidar eit sjølvstendig syn på formidling av kunnskap. Eit pedagogisk grunnsyn vil også gjere at ein kan samanlikne teoriar og metodar med andre syn, og kanskje til slutt kombinere nokre av elelementa i desse ulike læringsteoriane. Det er ingen fasit.

tirsdag 9. oktober 2007

Læringsteoriar

I dag fekk me lansert dei ulike læringsteoriane. Fram til neste veke skal eg jobba med eit av grunnsyna; Behaviorismen. Resten av gruppa skal også lese om dei andre grunnsyna, for å deretter framføra det for kvarandre. På denna måten skal me danna vår " pedagogiske plattform ".

Alt dette byggjer opp til oppgåva me skal gjere, nemleg ha ein presentasjon om ein, fleire, eller ein spesifikk metode innan læringsteoriane. Me står me andre ord veldig ope til å gjere det me vil. Eg er fornøgd med korleis me får bruka våre eigne syn og tankar på kor me ligg reint pedagogisk i læringsteoriane. Som Birgit sa, blir alle desse grunnsyna bruka flittig i heile Norge.

Eg har kikka litt på behaviorismen, og måtte smila godt då eg las litt om sjølve stiftaren av Behaviorismen, John B. Watson. Han var MEGET objektiv, og heilt utelukkande til introspeksjon. Han måtte til slutt godta at verbal rapport ( tale=atferd=observerbart ) også kunne bli godteke som eit del av grunsynet hans. Her er ein formak på kva han meinte.

" Behavioristene mener at det er ingen indre egenskaper å utvikle. Starter man med et sunt legeme, det riktige antall fingre og tær, øyne og de få elementærbevegelser som er til stede ved fødselen, har man alt det råmateriale som skal til for å lage en mann, enten denne mann nå blir et geni, en kultivert gentleman, en slusk eller en rovmorder ", ( Watson, 1932 )

Ser fram til å jobba med dette! Kjem meir om læringsteoriane etterkvart.

mandag 8. oktober 2007

Leiing av ei basisgruppe

Denne økta gjekk me igjennom mange viktige faktorar om kor viktig det er at ein lærar har orden i klasserommet, har oversikt over elevane, struktur og med ei solid pedagogisk og faglig forankring i bånn.

Det var visse ting som eg beit meg tak i. Særleg var reportasjen om barneskule eleven Robin ei sjokkerande oppleving. Robin vart ikkje forstått, og ikkje sett. Verken lærar eller rektor tok aksjon, då foreldra tok opp mobbinga. Dette viser oss samstundes kor viktig det er og ikkje ta for lett på "definisjonane " om mobbing og hærverk, og heller undersøkje den enkelte situasjon grundig. Det er ikkje mobbaren som må byte skule, slik som tilfellet vart med Robin. Om ein ser på tiltaksbasen for forebyggjing på nettet, ser me at det er mange landsomfattande og kommunale tiltak rundt om i landet og at det blir jobba med mobbing, hærverk og rusmisbruk. Læraren må ikkje tru at han "slepp ansvaret" av den grunn, det er viktig og ha kontakt med elevane sine og sørge for at dei har det bra.

Noko anna som er viktig er kva ein må leggja vekt på i basisgruppa si. Eit av punkta eg tenkte ekstra på var det å byggja relasjonar på alle nivå. Eg føler at denna definisjonen var at " læraren "skulle byggja relasjonar på alle nivå ", men eg tykkjer at definisjonen utelater litt det som den også burde definera, OG som burde vore vektlagt i ei basisgruppa. Nemleg det og få elevane til å skapa gode relasjonar mellom kvarandre.

Me har snakka mykje om dei ulike typane av menneske me skal framelska i skulen, og i dette eksempelet er " Det arbeidande mennesket " viktig og dra fram. Det framgår at lærarar er leiarar av elevanes fellesskap. Framgong er ikkje bare avhengig av korleis lærarane fungerar i høve til kvarandre, men og korleis elevane fungerar i høve til kvarndre. I eit godt arbeidslag vil deltakarane heva kvaliteten på kvart sitt arbeid. Dette vil jo bli eit konstruktivt men ikkje minst positivt supplement til den einskilde undervisning.

- Eg meiner at om ein greier og skapa slike gode relasjonar i ein klasse, det lærar har gjort ein god førebyggjande jobb, vil detta også hjelpe til å halda ro, struktur og fokus ein time.

Det var også interessant og kikka litt på LP modellen. Teorigrunnlaget i modellen seier mykje om betydninga i ein klasse/skule. Ved hjelp av forskning veit ein at forholdet til medelevar, relasjon til lærar, klasseleiing, og struktur på klasseundervisninga, er betingelsar i læringsmiljøet som kan knyttast til elevens faglige og sosiale utvikling. System teori vil bli bruka for å forstå korleis elevane er i interaksjon med omgivnadane i skulen, og ved å endra dette vil også elevens læring og utvikling bli påvirka i ein positiv retning.
Det var også kjekt og sjå at LP modellen har vore positiv i Norge. I prosjektskulane har ein oppnådd betre resultat enn kontrollskulane på følgande områder.

- Norsk,matte,engelsk og natur- og miljø har auka med 0.4 karakterar i gjennomsnitt.
- Sosial kompetanse blant elevane har auka
- Bråk og uro i undervisninga er redusert
- Mindre konfliktar elevmessig og ein klar nedgong i mobbing!

Det at PP-tjenesten er lærargruppenes " eksterne støttespelar " er jo positivt for oss som utdannar til lærarar. Yay!

Blei ein del her men..Læringsmiljø skal ein ikkje undervurdera, det er grunnmuren for korleis ein skal leia ei basisgruppe!

Revidert:

Me fekk blant anna i oppdrag å fortelje litt om ulike metodar i undervisninga. Mi gruppe hadde om stasjonsarbeid, noko vår egen Arne Trageton har vore ein forkjempar for. Andre grupper hadde om andre metodar, som me til slutt fekk samla i ei mappe. Dette var kjempenyttig, og det gjer at me kan tilføre undervisninga vår meir fleksibilitet.

Ei variert undervisning er sunt og motiverande for elevane. I tillegg kan stasjonsarbeid vere arbeid i samspel med andre, noko som samsvarar med det sosiokulturelle synet. Med språket som det viktigaste reiskapet, stimulerer det elevane til drøfting, diskusjon, refleksjon, openheit, kreativitet og læring undervegs.

tirsdag 2. oktober 2007

Erfaringar etter praksis

Då var praksisveka over. På fredagen når eg endeleg var "kome i gong ", skulle eg ynskje me kunne vera der ei veke til.

Det var mange gode erfaringar. Noko eg fekk masse ut av var refleksjon med kontaktlærar etter skuledagen var over. Me hadde som regel møte kl.14.00 kvar dag. Då gjekk me igjennom kva kvar og ein av oss hadde observert og lærarane gav svar. Det var veldig ærlige og ga iblant veldig personlige opplysingar om enkelte av elevane. Eg fann dette veldig verdifullt, slik at me evt. kan ta hensyn til naudsynte ting når me skal undervisa i veke 46.
Det og få respons kvar dag, på det eg "trudde" var fakta om elevane var utruleg lærerikt. Ofte var litt av det rett, ofte var det feil. Læraren var nøye på og leggje til meir informasjon om eleven som gav samanheng med det eg hadde observert. Gjerne hang dette i tråd med ting i privatlivet til eleven, noko som gav meg ein merkelig oppleving.

Andre erfaringar eg har teke med meg kjem frå friminutta. Eg tok det opp med ein med student og me diskuterte det litt fram og tilbake. Allereie fyrste dagen byrja ein av dei andre stundentane og leika vilt med mange av elevane på sitt trinn. Det klatra på han, og han snurra dei rundt og rundt. Sjølvsagt til stor begeistring hos elevane og berømmelse til han sjølv. Dette gjentok seg i fleire friminutt. Eg byrja då og tenkje litt, på kva persepsjonen til elevane ville bli hos studenten. Ville stundenten bli " den nye lekedokka? ", ville dette svekke autoriteten som ein tydeleg vaksen i høve til undervisningsveka i veke 46? Eller er det bare bra og skapa litt leik i starten, og klarer ein og balansera dette med å vera vaksne i tillegg?
Eg tykkjer sjølvsagt at ein student skal vera kjekk mot elevane, og er jo ikkje ein utdanna lærar enda. Samstundes er det jo fleire måtar og bli oppfatta som kjekk på :) Det og vera synleg og hjelpsam i timane, sjå elevane i augo når dei ser på deg, smila tilbake om det er ting som passar o.l. Vår praksisgruppe leka ikkje ein gong med elevane våre under praksisveka, men me fekk allikevel respons på at me var dei kjekkaste stundentane på skulen. Eg tykkjer det var eit godt bevis på at ein ikkje treng og leka med elevane dei første dagane, då dette kanskje skapar meir problem enn fordelar.

Andre erfaringar eg har teke med meg er kor viktig det mellom menneskelege planet er i barneskulen. Balansen mellom å vera ein lærar, ein ven, ein veileder, og ein tydeleg vaksen er vanskeleg, og tek årevis og meistre. Ein blir jo aldri utlært som lærar. Eg la allikevel merke til kor ofte lærarane berørte elevane, og gjorde dei besvisste på at nærleik er viktig, men ikkje minst naturleg. Elevane fekk ofte eit klapp på ryggen, stryk på håret, eit smil tilbake og motiverande ord.
Lærarane fortalte oss mykje også om den individuelle oppfølginga og planane dei hadde. Kva plan hadde eit halvt-års mål, der den einskilde eleven var med på og forme og utføra dette. Igjennom dette halvet året, blir eleven følgd opp. Elevane skapar STORE tillitsband til lærarane, spesielt kontaktlærar. Ein kontaktlærar skal ha fått brev frå ein elev sine foreldre om at viss ikkje ungen deira fekk ho som kontaktlærar kjem eleven til å slutta på skulen. Det er eit vanvittig stort ansvar bæra for lærarane, men eit viktig eit. Me såg og ofta at elevar vert teke ut på gongen og snakka til, entan det gjaldt episodar i friminutt, eller fokus i timane. Me er med og forma menneske, det såg eg mange signal til denna veka....

Me skal sjølvsagt ikkje gløyme det faglige. Eg hadde mange erfaringar der også. Lærarane brukte pedagogiske knep som;
" Skriv navnet ditt på tavla om du er ferdig med oppgåvene "
"Kongen befalar "
"Musikk bruk i starten av dagen "
"Innlevande forteljingspråk " ( Om Moses i KRL )

Det er også andre faktorar som spelar inn om ein skal leggje godt til rette for det faglige. Eg la også merke til kor godt førebudde lærarane var til kvar veke og kvar time. Neste veke plan, var ferdig på torsdagen veka før. I timane var strukur viktig, og ting må gjerast i riktig rekkjefølge slik at det ikkje vert kluss og unaudsynt bråk. Det og gi klare beskjedar når elevar skal gjera noko må ikkje undervurderast. Gode ekspempel på slike beskjedar kan vera: " Okey, det dykk gjer no, er at alle på høgre side hentar permen sin og sit seg rolig ned og jobbar med heftet i Norsk'en, "Lyst til å lesa ", som me jobba med i går. Så går alle i midten, deretter alle til venstre. " Det og ha korte, presise og lett forståelege beskjedar er viktig, og det presiserte også kontaktlærarane.

I friminutta vil eg sei eg hadde delte intrykk. Eg syntes at det var litt få vaktar ute i storminuttet i høve til kor stor plassen er rundt Langeland Skule. Eine gongen, såg eg det var 6 elevar på ei reile ( stor rund reile ), der grensa var 2 stk. Eit par av elevane låg med kroppen opp ned, og reila i veldig høg fart. Hadde eg ikkje gripe inn og fått dei av reila, er det godt mogleg nokon kunne skadd seg. Dette skal jo ikkje skje, og eg gav beskjed til kontaktlærar også. Langeland Skule er omringa av eit veldig stort område som elevane kan boltra seg i. Det er positivt for elevane sin del leikmessig, og sosialt, men då må ein vera sikker på at ein har nok vaktar ute til å sjå kvar som skjer!!!

Eg vil ellers gi utrykk for at kontaktlærarane våre på 6.trinnet har gjort ein kjempejobb for oss. Dei har vore observante på at me skal ha utbyte for veka. Einaste eg syns kunne vore litt betre var eit par norsk timar, det me berre måtte stå og sjå på elevane medan dei las i ei bok. Det gav oss ein mogleik til å skriva logg då men... :)

Revidert:

Loggføring er eit verktøy som kan vera svært effektivt for ein lærar. Det hjelper oss å lagre "ferske tolkingar" av konkrete situasjonar med ein gong. I ein travel kvardag med over 20 elevar masande på deg, kan det somme gonger gå hus forbi at du la merke til noko på starten av dagen. Observasjon treng ikkje berre vere loggføring, det finnest også andre metodar som:
  • Intervju
  • Sosiogram
  • Retrospektiv observasjon
  • Aktivitetsskjema ( minutt/oversikt )
  • Screening
  • Video
  • Feltanalyse/deltakande observasjon
  • Løpande protokoll.
Det er utvilsamt mange metodar ein kan bruke for å tileigne seg forståing over kva som skjer med ulike grupper/elever i klassen. Uansett kva middel ein vel å bruke, er det viktigaste at me som lærarar ikkje "grer alle under ein kam", alle er forskjellige, har ulike behov, og etter individuelle samtalar og samarbeid med foreldra vil me etterkvart opparbeida ei god oversikt over elevane. Det vikigaste er at me SER kvar og ein av dei, og prøver å følgje dei opp. Elever kan ha problem med misbruk/diagnosar/mobbing/sjølvkjensle og andre ting, som er viktig for ein lærar sjå. Det er då ein må melde frå, slik at sakkyndige kan ta seg av saka. Me kan i somme tilfelle "redda" elevar, ved at me obsvererer skikkeleg, og fangar opp dei signala som måtte kome.

Keep your eyes and ears open!

Observasjon

"Systematisk iakttakelse hovedsakelig ved hjelp av
synssansen. … de andre sanseinntrykkene,. supplerer
synsinntrykkene".

Emnet under praksisveka i veke 38 er Observasjon. Me skal vera "svampar" og suga til oss så mykje kunnskap og informasjon som mogleg. Det og iaktta elevar skal ikkje takast for lett på.
Me gjekk igjennom ulike loggtypar som kan brukast, og prøvde praktisk ut minuttobservasjon på ein enkelt elev.
Eit av måla mine under praksisveka er å bli kjend med elevane ( så mange som mogleg ). Minuttobservasjon vil ikkje vera særlig effektivt i høve til dette. Som studentar må me "visa " oss i klasse, vera opne for å gi ei hjelpande hand, og " sjå " så mange som mogleg. Då nyttar det ikkje og sitje med ei notisblokk og skrive kontinuerleg i 40 minuttar.
Som definisjonen seier ovenfrå tykkjer eg at det og "berre sjå på det som skjer " ikkje er nok. Me som er så gamle blitt, 20 + hehe.... har utvikla stor forståelse for kroppsspråk. Det gir oss eit overtak i timane. Om me konsentrerar oss godt og kanskje observerar innan eit bestemt område " f.eks 3-4 elevar, vil me lettare sjå kroppsspråket til desse. Om dei kjedar seg, ikkje tør spør oss om hjelp, er sjuke eller andre ting. Barn spesielt i barneskulen er veldig tydlege på dette.
Som nevnt for å få auka forståing rundt eit konkret observasjonsobjekt, tykkjer eg det vil vera lurt og minimera synsområde. Og kikka på ein enkelt elev, eller eit enkelt bord vil gjera observasjonen meir effektiv.
Eg vil prøva og observera litt generelt i klassen den første dagen, for å få eit breiare perspektiv på elevane. Forhåpentlegvis vil det ikkje ta lang tid og sjå dei "skuleflinke ", bråkmakarane " "sjenerte ", eller dei merksemdsorienterte. Deretter trur eg det vil bli lettare og kartleggja kven som kan vera interessant og observera.

Kva eg vil sjå etter og ikkje, er litt vanskeleg og sei no. Forhåpentlegvis vil eg få meg eit par a-ha opplevingar, men mest av alt håpar eg og sjå klare samanhengar i korleis dei jobbar og fokuserar i høve til kva metodisk undervisning i eit fag.

Here we go..

mandag 10. september 2007

Læraren sitt mandat og mange oppgåver!

Læraren sitt mandat og mange oppgåver.

Eg er veldig oppteken av at ting må liggje til grunn for noko. For at ein lærar i det heile tatt skal fungere og klara sine oppgåver må han/ho vera glad i menneske. Det er sjølve fundamentet. Som Augustin sa ” Intet blir forstått som ikke først er elsket.”

Dei ti boda er essensielle i læraryrket, og etter kvart er det ikkje noko ein puggar eller skal hugsa, men forhåpentlegvis noko som skjer automatisk, og som blir ein del av deg.

Iblant dei 5 grunnleggjande kompetansane tykkjer eg kravet om å kunna bruka digitale verktøy er vorte fryktelig viktig. Ikkje minst for læraren si effektivisering i førebuing, ressursbruk, formidling og undervisning, men også i høve til elevane. Me lever i moderne tider, og elevane sin kunnskap og bruk av data og internett har aldri vore større, og vil vekse meir.

Ein lærar har vanvittig mange oppgåver. Oppgåvene sin betyding er litt forskjellig relatert til kva alderstrinn ein underviser i, spesielt på det mellommenneskelege planet. Då eg eg var i praksis på barneskulen, såg eg fort kor mykje omsorg, skryt og godt humør spelar inn for at elevane konsentrerar seg i ulike fag.

Når det gjeld planlegginga til læraren, har han masse og forholda seg til. Styrt av lovgivinga, lokal tilpassing i høve til læreplanane og veke/års planar. Det verkar som om det kan vere vanvittig mykje og setja seg inn i, når eg først skal byrja og jobba som lærar. Alt må takast med uansett, jo betre førebudd læraren er til timane, jo betre legg ein til rette for elevane si læring.

Oppdraginga er essensiell i grunnskulen. Som praksislærar på Leirvik Skule ( barneskule på Stord ), kunne me sjå verdien av leik på skuleplassen. Evner, anlegg og sosiale dugleikar blanda med spontanitet og kreativitet, ” gjere leiken til barnas reserve foreldre ”. Eg tykkjer og at det er viktig at læraren er 100 % til stades, og at han ser DEG. Eleven ser læraren omtrent like mykje som han ser foreldra, og det er viktig at den einskilde lærar vert ein god rolle og identifikasjonsmodell. Det og vere bevisst på at me faktisk oppdrar ein haug med ungar/ungdommar i tillegg til læringa i skulen generelt, er noko me bør ta som eit privilegium. Diktet av Dorothy Law Nolte illustrerer godt korleis barn tek etter omgivnadane rundt seg, og korleis ein lærar kan vera med og styra dette miljøet.
Kontakt med foreldra bør og førekomma ofte.

Kvifor eg valgte HSH og bli lærar

Eg trur eg har presisert det ein del gongar no, utan og skriva det i eit innlegg så her it goes again..

Det er mange grunnar til at eg vil bli lærar. Som dykk ser nedanfor har eg laga ein limerick av den beste læraren eg har hatt. Håpar det gir dåke eit greit og kort bilete av korleis han/ho skal vere ;)
Eg har alltid vore glad i og vere med menneske og er ein sosial kar. Etter vidaregåande, gjekk eg på Kroppsøving ved HSH. Det fekk eg erfara 4-5 veker i praksis, der me leia gymtimar, og var ute i frimutta og patruljerte litt. Det var lite tid, men det gav meg meirsmak då eg såg når ting fungerte i gymtimane. Det og sjå når elevane meistra ulike aktivitar, og den gleden dei fekk av det, gjorde at eg fekk perspektiv på ting. Kanskje lærar eg min ting?

Etter det året måtte eg gjere ferdig militæret. Sidan eg spela fotball på fotballlaget Stord, gjorde siviltenesta at eg kunne vere på øya og framleis gjere det eg likar mest - fotball. Eg var plassert i noko me kallar VOKT-prosjektet. Me var omtrent 6-8 unge karar, som vart plassert rundt på ulike ungdomsskular på øya. Det var dette året som verkeleg gav meg indikasjonar på at eg vil jobba med menneske, helst som lærar. Eg hadde gymlærarutdanning, så eg fekk og prøva meg ein del som gymlærar og leia ein del timar, noko eg sat veldig pris på. Eg var også inne i ulike teori timar og fekk observere/halde ro i timane. Me hadde også i oppdrag og halda kontroll på 1-2 problem elevar kvar.
Dette året gav meg mange a-ha opplevingar, der eg var så heldig og vera med på og påverka ungdomar si atferd og læring. Ein har jo sjølvsagt ikkje suksess med alle, men dei få som det gjekk bra med, gjorde at eg visste at dette vil eg driva med.
Ungdomsskulen eg var på hadde sitt mangfald i lærarar. Mine meiningar vert jo subjektive, men eg vil sei det var alt fra labert til glimrande nivå. Nokon lærarar hadde rett og slett ikkje kontroll på klassen, og satt seg ikkje i respekt. Nokre lærarar fekk kaste glassboller og stolar etter seg, og vart mobba av eigne elevar. Dette treng jo ikkje bare vere deira skuld, men rett og slett galne elevar. På det mellom mennesklege planet, lærte eg veldig mykje dette året, og det gav meg ein bekreftelse på det eg vil driva med seinare i livet.

Så kvifor HSH? Eg hadde som sagt gått 1 år på Kroppsøving frå før. Eg tykkjer HSH er ein fantastisk plass, med flotte fasilitetar, og god teknologi. Det er god tilgong, and gode lærarar. Pluss at det er på Stord, då kan eg forsetja med fotball ;)

Det ser veldig positivt ut til no. Eg er kome i ein kjempeklasse med mange fargeklattar og personar eg veit eg kjem til å diskutera masse med ;) Måtte dette og dei neste åra gi meirsmak til lærarjobben!

- Håvard

tirsdag 28. august 2007

Min beste lærar

En frodig mann på vei mot femti-åtte
Et annet fag enn norsk han måtte
Lidenskapen for stor
Engasjementet fra mor
Tusenvis av bøker hadde han på kottet.

Klassen på tolv var forbauset over faget
kanskje det ville bli i meste laget
Motivasjon eller ikke
Han lot seg ikke rikke
Etter en stund var det ingen som klaget.

Et fag som uttrykkshistorie prentet
I kunsten kunnskapen ble hentet
Barokk og romantikk
Ulike perspektiv vi fikk
og en pedagog langt over forventet

En veiviser med talent og glød
med humor og av seg selv han bød
at et maleri
kunne være irnoni
I timene kom han aldri i nød

En kar så gjennomtenkt og smart
formidlingen gjorde alt så klart
Selv fotballidioten
satt til side foten
Og forstod i faget det som var rart

En siste tur til London vi fikk
Jeg kjenner enda det vemodige stikk
Før hjemreise han gråt
og fra oss det låt
" Du er en sann mester i pedagogikk! "

mandag 27. august 2007

Communis og Budeia med mjølkallergi!

I dag hadde me får første skikkelege pedagogikk økt, der me gjekk igjennom kommunikasjon. Kommunikasjon er rått og enkelt korleis ein sender og mottar verbal ( det som blir kommunisert med ord og lydar ) og nonverbal ( Det som blir kommunisert via bruk av kroppen ) informasjon. Det ligg sjølvsagt veldig masse under dette.

Eg vil poengtera heile vitsen med kommunikasjon og kvifor den er så viktig og lærerik med eit godt ordtak av Øyvind Dahl.

" Folk er forskjellige, men like som mennesker ". Derav kan me trekkje parallellar til den latinske tydinga av kommunikasjon som heiter " communis ", som me på engelsk har i ordet " common " - FELLES.

Det verbale språket vårt innehar 30 % av kommunikasjonsprosessen, og det nonverbale 70 %. Ikkje så veldig overraskande, når ein har vore ute i felten før. Barn spesielt les nonverbale teikn godt, og det er viktig at vi som lærarar er bevisste på vår atferd.

Det var og interessant og sjå korleis kommunikasjon alltid skjer i ein kontekst. Gode ekspempel på dette kan vera tverrkulturelle situasjonar som oppstår. Ikkje minst i vanlige høve også. Kva strategi skal eg bruka for å nå fram til den eleven. Kva veit eg om eleven frå før? Er han redd for nærhet osv.. Kva tonefall, stemmebruk er passeleg, og kva reaksjon får eg ? Eg som sivilarbeidar måtte vere veldig bevisst på kva sosial persepsjon den aktuelle problem-eleven fekk av meg etter første møte og vidare..Alt har ein samanheng.

Me fekk og innblikk i yrkesrolla til læraren. Punkta om kva gode fagfolk er var også veldig givande, og ein setning syns eg var essensiell i det og vera lærar. " Ein dyktig fag person møter heile menneske ".

Veldig interessant og koma litt meir konkret innpå pedagogikken, og ser fram til me kjem nærare inn på dei ulike læringsperspektiva.

Del 2 av økta gjekk mykje ut på non verbal kommunikasjon der me fekk prøva og mima litt. Måtte bare le då eg såg me måtte prøva oss på " Ei budeie med mjølkallergi ". Min og Kenneth si miming av Budeia var ikkje av den beste sorten men minnerikt var det ;)
Me såg også ein film om " kroppen ", og korleis den reagerer i samspel med ulike ting. Det var veldig mange gode eksempel, og med Truls Svendsen i førarsetet, må det jo bare bli morosamt.

Vonar det blir ei givande ped økt neste gong også.

Revidert:

I høve til praksis gjekk praksisgruppa mi saman og laga 5 køyrereglar me skulle følgja då me var ute på Langeland.

1. Alle skal ha lov til å sei si meining.
2. Lik arbeidsmengd for alle medlemmer
3. Rutinemessige refleksjonar og evalueringar av arbeidet.
4. Møteplikt, sei i frå når du ikkje kan møta.
5. Alle tar ansvar, og ingen skal vera redd for å ta iniativ.

Eg vil sei me følgde alle desse køyrereglane. På slutten av kvar dag 14.15 gjekk me igjennom timane med øvingslærar og reflekterte rundt dette. Kva var bra, kva kunne vore bedre og korleis? Eg vil sei at alle på gruppa er ivrige, og vil jobba for kvarandre. Me er konstruktive, tør og sei ifrå, og fordeler arbeidet bra. Køyrereglane har hjulpe oss for å fungere som ei gruppe i samarbeid!

tirsdag 21. august 2007

Pedagogikkfaget

Har hatt ein time i dette faget. Det er eit veldig omspennande fag, med mange "greiner".
- Filosofi
- Psykologi
- Sosiologi
- Historisk pegagogikk
- Didaktikk
- Etikk
- Skule- og idehistorie.

Eg har jo hatt litt praksis i det året eg hadde kroppsøving på HSH. Mest interessant var året som sivilarbeidar på Nysæther Ungdomsskule. Ofte var eg "assistent " for problemstilte ungdomar, men eg var også "observatør " og hjelpar i timar som Matte og Norsk.

Eg opplevde nokre lærarar som rett og slett gav blaffen i mange elevar. Dei har sikkert prøvd og veilede eleven, men ikkje opplevd forbetring. Så dei tek "the easy way out ", let eleven sove og vere rolig bak i klasserommet, og får undervise i fred. Er dette rett? Læraren har jo 25 andre elevar og ta hensyn til og at dei skal få læringsfred, men kva signal gir dette til resten av klassen? At det er OK, og setje seg på bakbeina? Då slepp ein og gjere noko, bare ein er stille i rommet? Ei løysning ville vore og fått ein assistent på eleven/ane, f.eks meg. Då kjem me igjen til ein ny diskusjon. Kan ein ung kar frå militæret utan noko faglig bakgrunn, ta hand om denne eleven/ane, på ein god, faglig, læringsretta måte? Andre assistentar som er utdanna assistentar hadde heller ikkje etter mi meining god nok utdanning og kunnskap om pedagogikken omhandla deira situasjon. Det er jo elevane det går utover..

Då eg var på barneskule fekk eg og oppleve kor enkelt ulike læringsmetodar og små endringar i gymtimar, kan gjere at timen fungerer på ein betre måte. Ped er alfa omega.

Det som er sikkert, og som eg har erfart er at det er ikkje læraren som byggjer kunnskap for eleven. Det er eleven som byggjer sin eigen kunnskap. Dette utsagnet er veldig ukonkret når ein tenkjer på det. Korleis kan læraren leggje til rette for at eleven skal byggja sin eigen kunnskap? Her er det vanvittig mange ting som spelar inn. Alt fra ka som skjer i hovudet på eleven, miljø, arv, påverknad, formidling, kunnskap, og etikk.

Forhåpentligvis og meir til kjem ein nærare innpå desse punkta. Alt dette blir jo veldig generelt frå mi side, og det skal bli interessant og kome meir konkret innpå mange av greinene i pedagogikken.

Gjerne kommenter dømene mine frå tida som sivilarbeidar på ungdomsskule. Debatten er open!

- Håvard

" Den vise vet ikke hva han vet "

mandag 20. august 2007

Presentasjon av meg

Hallais!
Eg heiter Håvard Haga og går på allmennlærar linja på HSH. Eg er fødd og oppvaksen på Stord. Eg er 22 år og har to sysken.

Eg har 3 år med Medium og Kommunikasjon bak meg frå vidaregåande, noko eg ikkje er så veldig fornøgd med i ettertid..Men alt kjem godt med!Etter det gjekk eg direkte på HSH og hadde 1 år med Kroppsøving. Eit veldig kjekt år, med masse reising. Me hadde litt praksis på ulike skular under denne tida, og eg hadde mange gode opplevingar. Difor valte eg siviltenesta istadanfor militæret, slik at eg kunne jobba eit år på ungdomsskule her på Stord. Dette gav meg og mogleik til å forsetja med fotball og spela på det laget eg spelte på den gongen. ( Stord ) Dette året gav meg veldig mykje, både på godt og vondt. Det som er sikkert er at eg likar og jobba meg menneske og set pris på feriar ;)

I år valgte eg og gå på allmennlærar noko eg gledar meg svært til. I tillegg jobbar eg på Frugård og som vaktmeister på Torghuset. Eg er også aktiv i 3 idrettslag, fotball, volleyball og bowling.Ellers set eg veldig stor pris på musikk. Beatles og Eagles er noko eg kan høyra på kvar dag. Fotball er naturligvis ein stor lidenskap hos meg, der Arsenal står meg nært i hjarta ;)