mandag 27. august 2007

Communis og Budeia med mjølkallergi!

I dag hadde me får første skikkelege pedagogikk økt, der me gjekk igjennom kommunikasjon. Kommunikasjon er rått og enkelt korleis ein sender og mottar verbal ( det som blir kommunisert med ord og lydar ) og nonverbal ( Det som blir kommunisert via bruk av kroppen ) informasjon. Det ligg sjølvsagt veldig masse under dette.

Eg vil poengtera heile vitsen med kommunikasjon og kvifor den er så viktig og lærerik med eit godt ordtak av Øyvind Dahl.

" Folk er forskjellige, men like som mennesker ". Derav kan me trekkje parallellar til den latinske tydinga av kommunikasjon som heiter " communis ", som me på engelsk har i ordet " common " - FELLES.

Det verbale språket vårt innehar 30 % av kommunikasjonsprosessen, og det nonverbale 70 %. Ikkje så veldig overraskande, når ein har vore ute i felten før. Barn spesielt les nonverbale teikn godt, og det er viktig at vi som lærarar er bevisste på vår atferd.

Det var og interessant og sjå korleis kommunikasjon alltid skjer i ein kontekst. Gode ekspempel på dette kan vera tverrkulturelle situasjonar som oppstår. Ikkje minst i vanlige høve også. Kva strategi skal eg bruka for å nå fram til den eleven. Kva veit eg om eleven frå før? Er han redd for nærhet osv.. Kva tonefall, stemmebruk er passeleg, og kva reaksjon får eg ? Eg som sivilarbeidar måtte vere veldig bevisst på kva sosial persepsjon den aktuelle problem-eleven fekk av meg etter første møte og vidare..Alt har ein samanheng.

Me fekk og innblikk i yrkesrolla til læraren. Punkta om kva gode fagfolk er var også veldig givande, og ein setning syns eg var essensiell i det og vera lærar. " Ein dyktig fag person møter heile menneske ".

Veldig interessant og koma litt meir konkret innpå pedagogikken, og ser fram til me kjem nærare inn på dei ulike læringsperspektiva.

Del 2 av økta gjekk mykje ut på non verbal kommunikasjon der me fekk prøva og mima litt. Måtte bare le då eg såg me måtte prøva oss på " Ei budeie med mjølkallergi ". Min og Kenneth si miming av Budeia var ikkje av den beste sorten men minnerikt var det ;)
Me såg også ein film om " kroppen ", og korleis den reagerer i samspel med ulike ting. Det var veldig mange gode eksempel, og med Truls Svendsen i førarsetet, må det jo bare bli morosamt.

Vonar det blir ei givande ped økt neste gong også.

Revidert:

I høve til praksis gjekk praksisgruppa mi saman og laga 5 køyrereglar me skulle følgja då me var ute på Langeland.

1. Alle skal ha lov til å sei si meining.
2. Lik arbeidsmengd for alle medlemmer
3. Rutinemessige refleksjonar og evalueringar av arbeidet.
4. Møteplikt, sei i frå når du ikkje kan møta.
5. Alle tar ansvar, og ingen skal vera redd for å ta iniativ.

Eg vil sei me følgde alle desse køyrereglane. På slutten av kvar dag 14.15 gjekk me igjennom timane med øvingslærar og reflekterte rundt dette. Kva var bra, kva kunne vore bedre og korleis? Eg vil sei at alle på gruppa er ivrige, og vil jobba for kvarandre. Me er konstruktive, tør og sei ifrå, og fordeler arbeidet bra. Køyrereglane har hjulpe oss for å fungere som ei gruppe i samarbeid!

3 kommentarer:

kenneth sa...

veldig fyldig og fin oppsummering av timen håvard:-D

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Håvard...
Eg tykkjer du har ein personleg og god vri på oppsummeringa frå gårsdagen si økt. At du slår opp på ordet "kommunikasjon" og kva røter det har, viser initiativ og sjølvstende. Veldig bra! Elles spør eg berre: Var det noko du tykkjer var ekstra lurt når du snart skal ut og treffa elevane i praksis i høve til tema? Fekk du noko utav forslaga til fordjuping på eiga hand? Noko ekstra du merka deg i høve til desse artiklane?

Birgit :-)

Tone Helen sa...

Eg er heilt einig i det du seier om at barn er ekstra mottakelege for nonverbale uttrykk. Barn legg merke til mykje meir en det ein skulle tru. Så ein må til ei kvar tid vera klar over seg sjølv, og kva nonverbale uttrykk ein sender ut.