mandag 20. august 2007

Presentasjon av meg

Hallais!
Eg heiter Håvard Haga og går på allmennlærar linja på HSH. Eg er fødd og oppvaksen på Stord. Eg er 22 år og har to sysken.

Eg har 3 år med Medium og Kommunikasjon bak meg frå vidaregåande, noko eg ikkje er så veldig fornøgd med i ettertid..Men alt kjem godt med!Etter det gjekk eg direkte på HSH og hadde 1 år med Kroppsøving. Eit veldig kjekt år, med masse reising. Me hadde litt praksis på ulike skular under denne tida, og eg hadde mange gode opplevingar. Difor valte eg siviltenesta istadanfor militæret, slik at eg kunne jobba eit år på ungdomsskule her på Stord. Dette gav meg og mogleik til å forsetja med fotball og spela på det laget eg spelte på den gongen. ( Stord ) Dette året gav meg veldig mykje, både på godt og vondt. Det som er sikkert er at eg likar og jobba meg menneske og set pris på feriar ;)

I år valgte eg og gå på allmennlærar noko eg gledar meg svært til. I tillegg jobbar eg på Frugård og som vaktmeister på Torghuset. Eg er også aktiv i 3 idrettslag, fotball, volleyball og bowling.Ellers set eg veldig stor pris på musikk. Beatles og Eagles er noko eg kan høyra på kvar dag. Fotball er naturligvis ein stor lidenskap hos meg, der Arsenal står meg nært i hjarta ;)

8 kommentarer:

Ane sa...

Halloen Håvard!

Då hadde du og fått ordna bloggen din ja! Det er gode greier. Det skal bli interessant og blogga med deg!
Du er ein knakande kar.
Vennleg helsing Ane :)

Bertin sa...

Eg har eit ord til den unge Haga......KONGE!!

kenneth sa...

bra blogg håvard. Hvor lenge har du bowlet og hva er rekorden din?

Håvard Haga sa...

279 er rekorden.

Da er små marginar på slutten ;)

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Håvard...
Det er nokre år sidan du sleit barneskoa på Leirvik skule no, men kjekt å sjå deg att på allmennlærarutdanninga. Vonar du vil trivast med det valet :-)
Du er visst ein travel kar, men det blir vel tid til studia og, tenkjer eg?! Sjå elles lærarbloggen for ei lita utfordring. Lukke til med studia.

Birgit :-)

Håvard Haga sa...

Studia vil nok bli tid til trur eg ;)

Kari sa...

Hei Håvard!
Flott blogg! Du har no fått med deg litt av kvart, og verkar vera ein travelt opptatt kar.. Trur det kan bli liv med deg i klassen:)Kjekt det, gler meg til å bli betre kjent med alle. Kunne dessverre ikkje komme på klassefesten, men vonar det blir fleire!
PS. Må nok heia på West Ham, ellers blir eg hiven ut heimanifrå;)

Tone Helen sa...

Heisann!
Du er ein kjempe kjekk kar, og eg gler meg til å bli betre kjent med deg. Men hugs, Manchester United er det besta laget ;)