tirsdag 21. august 2007

Pedagogikkfaget

Har hatt ein time i dette faget. Det er eit veldig omspennande fag, med mange "greiner".
- Filosofi
- Psykologi
- Sosiologi
- Historisk pegagogikk
- Didaktikk
- Etikk
- Skule- og idehistorie.

Eg har jo hatt litt praksis i det året eg hadde kroppsøving på HSH. Mest interessant var året som sivilarbeidar på Nysæther Ungdomsskule. Ofte var eg "assistent " for problemstilte ungdomar, men eg var også "observatør " og hjelpar i timar som Matte og Norsk.

Eg opplevde nokre lærarar som rett og slett gav blaffen i mange elevar. Dei har sikkert prøvd og veilede eleven, men ikkje opplevd forbetring. Så dei tek "the easy way out ", let eleven sove og vere rolig bak i klasserommet, og får undervise i fred. Er dette rett? Læraren har jo 25 andre elevar og ta hensyn til og at dei skal få læringsfred, men kva signal gir dette til resten av klassen? At det er OK, og setje seg på bakbeina? Då slepp ein og gjere noko, bare ein er stille i rommet? Ei løysning ville vore og fått ein assistent på eleven/ane, f.eks meg. Då kjem me igjen til ein ny diskusjon. Kan ein ung kar frå militæret utan noko faglig bakgrunn, ta hand om denne eleven/ane, på ein god, faglig, læringsretta måte? Andre assistentar som er utdanna assistentar hadde heller ikkje etter mi meining god nok utdanning og kunnskap om pedagogikken omhandla deira situasjon. Det er jo elevane det går utover..

Då eg var på barneskule fekk eg og oppleve kor enkelt ulike læringsmetodar og små endringar i gymtimar, kan gjere at timen fungerer på ein betre måte. Ped er alfa omega.

Det som er sikkert, og som eg har erfart er at det er ikkje læraren som byggjer kunnskap for eleven. Det er eleven som byggjer sin eigen kunnskap. Dette utsagnet er veldig ukonkret når ein tenkjer på det. Korleis kan læraren leggje til rette for at eleven skal byggja sin eigen kunnskap? Her er det vanvittig mange ting som spelar inn. Alt fra ka som skjer i hovudet på eleven, miljø, arv, påverknad, formidling, kunnskap, og etikk.

Forhåpentligvis og meir til kjem ein nærare innpå desse punkta. Alt dette blir jo veldig generelt frå mi side, og det skal bli interessant og kome meir konkret innpå mange av greinene i pedagogikken.

Gjerne kommenter dømene mine frå tida som sivilarbeidar på ungdomsskule. Debatten er open!

- Håvard

" Den vise vet ikke hva han vet "

4 kommentarer:

Franny Maria sa...

Hei Håvard:)
Detta var veldig bra skreve, var kjekt å lesa! Det du sa om ungdomsskulen er veldig sant, og det kan eg sei etter 3 år der. Eg trur at om det er fleire som kan hjelpe i rommet vil gjera det bedre for mange. Ein treng ikkje alltid at alle skal væra ein lærar, eg vil sei at ein som ikkje har noko erfaring kan væra til mykje hjelp for dei elevane som sitt bakerst i klasseromet.

-Franny

Gunnar sa...

Halloisen.

Er gode problemstillingar du tar opp her. Har sjølv vore i prakis på ungdomskule å sett korleis det kan være med elevar som har det vanskligare enn andre. Det er nok ikkje alltid lika lett å ta seg av desse på ein god måte. Skal ein la dei øydlegge for andre? Ta dei ut av klassen? Mykje av dette er nok og avhengig av ressurser som ofte er eit problem i skulen.
Ped. er nok viktig i desse og andre tilfeller.

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

"Gløggt er gests auga" heiter det i Håvamål, og det er mykje ein gjest får med seg som husbonden ikkje ser. Men når det er sagt, så kan ein ikkje utan vidare konkludera med at ein lærar gir blaffen i elevane, sjølv om det for gjesten kan sjå sånn ut. De vil nok etterkvart som de blir kjende på "den andre sida av bordet", oppdaga at alt ikkje er så tilfeldig, ugjennomtenkt eller kaotisk som det til tider kan sjå ut ved fyrste augnekast. Eg brukar å seia at som lærarar har vi verdas viktigaste yrke, og det ligg eit stort ansvar på akslande til den som til ei kvar tid skal leggja til rette for læring hos opp til 30 ulike individ. Nokre gonger lukkast vi, men andre gonger må vi innse at vi har mislukkast, og gå i "tenkjeboksen" for å prøva å finna nye løysingar i ein travel kvardag. Det er lett å angripa lærarane, og gi dei skulda for alt som er galt i den norske skulen, det gjer tabloidavisene heile tida. Eg vonar de vil få eit meir nyansert bilete av skulekvardagen både på godt og vondt gjennom dette studiet, og at det snart må bli høgstatus å vera lærar, slik som det er i Finland...

Birgit :-)

Håvard Haga sa...

hm..Virkar som du forsvarar det som læraren gjorde i mitt eksempel. Veit ikkje heilt om du ser det på samme måte som meg, i tilfelle må eg eksemplifera det meir, hehe.

Men som du seier kan det ligge noko djupare bak denna avgjerda til læraren, som eg ikkje er klar over, dette vil eg ha på bordet med ein gong ;)

Hovudpoenget i mitt eksempel ligg i kor lite elevane gjorde av seg, eller kor masse dei gjorde av seg, i negativ grad sjølvsagt. Det og sende assistent ( sivilarbeidar ) med eleven ut i gongen kvar gong dette skjer, gjer jo bare at den einskilde eleven oppnår det dei vil. Dette gir jo og eit dårleg signal til klassen.

Det er jo sjølvsagt vanskeleg og gjere noko med slike eksempel, spesielt viss ein har 3-4 elevar som entan bråkar for mykje, eller sover.

Som me gjekk igjennom i Ped' timen i dag, har ein dette med handling -> konsekvens. Ikkje handling -> belønning. Kva meier du/dåke burde vore ein passelig "straff" og ha som konsekvens? Slik at og klassen ser at noko blir gjort. Alt med måte og ettertanke sjølvsagt.