Eg trur eg har presisert det ein del gongar no, utan og skriva det i eit innlegg så her it goes again..
Det er mange grunnar til at eg vil bli lærar. Som dykk ser nedanfor har eg laga ein limerick av den beste læraren eg har hatt. Håpar det gir dåke eit greit og kort bilete av korleis han/ho skal vere ;)
Eg har alltid vore glad i og vere med menneske og er ein sosial kar. Etter vidaregåande, gjekk eg på Kroppsøving ved HSH. Det fekk eg erfara 4-5 veker i praksis, der me leia gymtimar, og var ute i frimutta og patruljerte litt. Det var lite tid, men det gav meg meirsmak då eg såg når ting fungerte i gymtimane. Det og sjå når elevane meistra ulike aktivitar, og den gleden dei fekk av det, gjorde at eg fekk perspektiv på ting. Kanskje lærar eg min ting?
Etter det året måtte eg gjere ferdig militæret. Sidan eg spela fotball på fotballlaget Stord, gjorde siviltenesta at eg kunne vere på øya og framleis gjere det eg likar mest - fotball. Eg var plassert i noko me kallar VOKT-prosjektet. Me var omtrent 6-8 unge karar, som vart plassert rundt på ulike ungdomsskular på øya. Det var dette året som verkeleg gav meg indikasjonar på at eg vil jobba med menneske, helst som lærar. Eg hadde gymlærarutdanning, så eg fekk og prøva meg ein del som gymlærar og leia ein del timar, noko eg sat veldig pris på. Eg var også inne i ulike teori timar og fekk observere/halde ro i timane. Me hadde også i oppdrag og halda kontroll på 1-2 problem elevar kvar.
Dette året gav meg mange a-ha opplevingar, der eg var så heldig og vera med på og påverka ungdomar si atferd og læring. Ein har jo sjølvsagt ikkje suksess med alle, men dei få som det gjekk bra med, gjorde at eg visste at dette vil eg driva med.
Ungdomsskulen eg var på hadde sitt mangfald i lærarar. Mine meiningar vert jo subjektive, men eg vil sei det var alt fra labert til glimrande nivå. Nokon lærarar hadde rett og slett ikkje kontroll på klassen, og satt seg ikkje i respekt. Nokre lærarar fekk kaste glassboller og stolar etter seg, og vart mobba av eigne elevar. Dette treng jo ikkje bare vere deira skuld, men rett og slett galne elevar. På det mellom mennesklege planet, lærte eg veldig mykje dette året, og det gav meg ein bekreftelse på det eg vil driva med seinare i livet.
Så kvifor HSH? Eg hadde som sagt gått 1 år på Kroppsøving frå før. Eg tykkjer HSH er ein fantastisk plass, med flotte fasilitetar, og god teknologi. Det er god tilgong, and gode lærarar. Pluss at det er på Stord, då kan eg forsetja med fotball ;)
Det ser veldig positivt ut til no. Eg er kome i ein kjempeklasse med mange fargeklattar og personar eg veit eg kjem til å diskutera masse med ;) Måtte dette og dei neste åra gi meirsmak til lærarjobben!
- Håvard
mandag 10. september 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hei Håvard! Flott innlegg om kvifor du vil verta lærar:-)Du har meiningar til mykje og mangt, og det er alltid kjekt å få med seg det du seier i timane.
Du er utadvendt, engasjert, intressert i folk og du er hjelpsam, så eg trur du kjem til å verta ein god lærar;-)Takkar for hjelpen med dataen!
Reidun
Hehe jo takk for da Reidun!
"Tekken" med dataen, og fronter kjeme du raskt inn i, så ikkje fortvil. Slik som ein lærar er der for elevane, er me i klassen der for kvarandre ;)
Du har først om fremst ein veldig fleksibel bil, da er ein fordel i lærarjobben, hehe.
Legg inn en kommentar