Denne økta gjekk me igjennom mange viktige faktorar om kor viktig det er at ein lærar har orden i klasserommet, har oversikt over elevane, struktur og med ei solid pedagogisk og faglig forankring i bånn.
Det var visse ting som eg beit meg tak i. Særleg var reportasjen om barneskule eleven Robin ei sjokkerande oppleving. Robin vart ikkje forstått, og ikkje sett. Verken lærar eller rektor tok aksjon, då foreldra tok opp mobbinga. Dette viser oss samstundes kor viktig det er og ikkje ta for lett på "definisjonane " om mobbing og hærverk, og heller undersøkje den enkelte situasjon grundig. Det er ikkje mobbaren som må byte skule, slik som tilfellet vart med Robin. Om ein ser på tiltaksbasen for forebyggjing på nettet, ser me at det er mange landsomfattande og kommunale tiltak rundt om i landet og at det blir jobba med mobbing, hærverk og rusmisbruk. Læraren må ikkje tru at han "slepp ansvaret" av den grunn, det er viktig og ha kontakt med elevane sine og sørge for at dei har det bra.
Noko anna som er viktig er kva ein må leggja vekt på i basisgruppa si. Eit av punkta eg tenkte ekstra på var det å byggja relasjonar på alle nivå. Eg føler at denna definisjonen var at " læraren "skulle byggja relasjonar på alle nivå ", men eg tykkjer at definisjonen utelater litt det som den også burde definera, OG som burde vore vektlagt i ei basisgruppa. Nemleg det og få elevane til å skapa gode relasjonar mellom kvarandre.
Me har snakka mykje om dei ulike typane av menneske me skal framelska i skulen, og i dette eksempelet er " Det arbeidande mennesket " viktig og dra fram. Det framgår at lærarar er leiarar av elevanes fellesskap. Framgong er ikkje bare avhengig av korleis lærarane fungerar i høve til kvarandre, men og korleis elevane fungerar i høve til kvarndre. I eit godt arbeidslag vil deltakarane heva kvaliteten på kvart sitt arbeid. Dette vil jo bli eit konstruktivt men ikkje minst positivt supplement til den einskilde undervisning.
- Eg meiner at om ein greier og skapa slike gode relasjonar i ein klasse, det lærar har gjort ein god førebyggjande jobb, vil detta også hjelpe til å halda ro, struktur og fokus ein time.
Det var også interessant og kikka litt på LP modellen. Teorigrunnlaget i modellen seier mykje om betydninga i ein klasse/skule. Ved hjelp av forskning veit ein at forholdet til medelevar, relasjon til lærar, klasseleiing, og struktur på klasseundervisninga, er betingelsar i læringsmiljøet som kan knyttast til elevens faglige og sosiale utvikling. System teori vil bli bruka for å forstå korleis elevane er i interaksjon med omgivnadane i skulen, og ved å endra dette vil også elevens læring og utvikling bli påvirka i ein positiv retning.
Det var også kjekt og sjå at LP modellen har vore positiv i Norge. I prosjektskulane har ein oppnådd betre resultat enn kontrollskulane på følgande områder.
- Norsk,matte,engelsk og natur- og miljø har auka med 0.4 karakterar i gjennomsnitt.
- Sosial kompetanse blant elevane har auka
- Bråk og uro i undervisninga er redusert
- Mindre konfliktar elevmessig og ein klar nedgong i mobbing!
Det at PP-tjenesten er lærargruppenes " eksterne støttespelar " er jo positivt for oss som utdannar til lærarar. Yay!
Blei ein del her men..Læringsmiljø skal ein ikkje undervurdera, det er grunnmuren for korleis ein skal leia ei basisgruppe!
Revidert:
Me fekk blant anna i oppdrag å fortelje litt om ulike metodar i undervisninga. Mi gruppe hadde om stasjonsarbeid, noko vår egen Arne Trageton har vore ein forkjempar for. Andre grupper hadde om andre metodar, som me til slutt fekk samla i ei mappe. Dette var kjempenyttig, og det gjer at me kan tilføre undervisninga vår meir fleksibilitet.
Ei variert undervisning er sunt og motiverande for elevane. I tillegg kan stasjonsarbeid vere arbeid i samspel med andre, noko som samsvarar med det sosiokulturelle synet. Med språket som det viktigaste reiskapet, stimulerer det elevane til drøfting, diskusjon, refleksjon, openheit, kreativitet og læring undervegs.
mandag 8. oktober 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Mangen gode poeng Haga. Skal prøve å vera litt kritisk her sjølv om eg langt på vei er einig i mykje av det du seier.
Mobbing er nok noko som ikkje er så lett å bli kvitt i skulen nei. Utrulig vanskelig for dei som blir utsatt for det og opplever slikt. Spørsmålet er korleis me skal bli kvitt det og om det i heile tatt er mulig å bli kvitt? Er ikkje alltid lett for læraren å oppdage slikt i ein hektisk kvardag, sjølv om dei bør og skal oppdage det.
Det å bygge opp gode relasjoner mellom elevar er som du seier viktig. Sjølv om det kanskje ikkje alltid er så enkelt. Nokon passar kanskje overhovudet ikkje i lag og det å bygge opp eit godt forhold mellom personar som ikkje likar kvarandre er ikkje enkelt. Kva gjer ein da?
Gunnar
Berre ein kommentar i høve til det du seier om læraren sitt arbeid med å byggja relasjonar - det inneber sjølvsagt og sosialiseringa av elevane inn i basisgruppa, som nærmast fungerer som eit eige lite demokrati. Så relasjonane gjeld ikkje berre mellom lærar/elev, lærar/foreldre, lærar/administrasjon og lærar/kollegaer og andre, men og tilrettelegginga i høve til basisgruppa sin trivnad og tryggleik i høve til kvarandre...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar