Det var mange gode erfaringar. Noko eg fekk masse ut av var refleksjon med kontaktlærar etter skuledagen var over. Me hadde som regel møte kl.14.00 kvar dag. Då gjekk me igjennom kva kvar og ein av oss hadde observert og lærarane gav svar. Det var veldig ærlige og ga iblant veldig personlige opplysingar om enkelte av elevane. Eg fann dette veldig verdifullt, slik at me evt. kan ta hensyn til naudsynte ting når me skal undervisa i veke 46.
Det og få respons kvar dag, på det eg "trudde" var fakta om elevane var utruleg lærerikt. Ofte var litt av det rett, ofte var det feil. Læraren var nøye på og leggje til meir informasjon om eleven som gav samanheng med det eg hadde observert. Gjerne hang dette i tråd med ting i privatlivet til eleven, noko som gav meg ein merkelig oppleving.
Andre erfaringar eg har teke med meg kjem frå friminutta. Eg tok det opp med ein med student og me diskuterte det litt fram og tilbake. Allereie fyrste dagen byrja ein av dei andre stundentane og leika vilt med mange av elevane på sitt trinn. Det klatra på han, og han snurra dei rundt og rundt. Sjølvsagt til stor begeistring hos elevane og berømmelse til han sjølv. Dette gjentok seg i fleire friminutt. Eg byrja då og tenkje litt, på kva persepsjonen til elevane ville bli hos studenten. Ville stundenten bli " den nye lekedokka? ", ville dette svekke autoriteten som ein tydeleg vaksen i høve til undervisningsveka i veke 46? Eller er det bare bra og skapa litt leik i starten, og klarer ein og balansera dette med å vera vaksne i tillegg?
Eg tykkjer sjølvsagt at ein student skal vera kjekk mot elevane, og er jo ikkje ein utdanna lærar enda. Samstundes er det jo fleire måtar og bli oppfatta som kjekk på :) Det og vera synleg og hjelpsam i timane, sjå elevane i augo når dei ser på deg, smila tilbake om det er ting som passar o.l. Vår praksisgruppe leka ikkje ein gong med elevane våre under praksisveka, men me fekk allikevel respons på at me var dei kjekkaste stundentane på skulen. Eg tykkjer det var eit godt bevis på at ein ikkje treng og leka med elevane dei første dagane, då dette kanskje skapar meir problem enn fordelar.
Andre erfaringar eg har teke med meg er kor viktig det mellom menneskelege planet er i barneskulen. Balansen mellom å vera ein lærar, ein ven, ein veileder, og ein tydeleg vaksen er vanskeleg, og tek årevis og meistre. Ein blir jo aldri utlært som lærar. Eg la allikevel merke til kor ofte lærarane berørte elevane, og gjorde dei besvisste på at nærleik er viktig, men ikkje minst naturleg. Elevane fekk ofte eit klapp på ryggen, stryk på håret, eit smil tilbake og motiverande ord.
Lærarane fortalte oss mykje også om den individuelle oppfølginga og planane dei hadde. Kva plan hadde eit halvt-års mål, der den einskilde eleven var med på og forme og utføra dette. Igjennom dette halvet året, blir eleven følgd opp. Elevane skapar STORE tillitsband til lærarane, spesielt kontaktlærar. Ein kontaktlærar skal ha fått brev frå ein elev sine foreldre om at viss ikkje ungen deira fekk ho som kontaktlærar kjem eleven til å slutta på skulen. Det er eit vanvittig stort ansvar bæra for lærarane, men eit viktig eit. Me såg og ofta at elevar vert teke ut på gongen og snakka til, entan det gjaldt episodar i friminutt, eller fokus i timane. Me er med og forma menneske, det såg eg mange signal til denna veka....
Me skal sjølvsagt ikkje gløyme det faglige. Eg hadde mange erfaringar der også. Lærarane brukte pedagogiske knep som;
" Skriv navnet ditt på tavla om du er ferdig med oppgåvene "
"Kongen befalar "
"Musikk bruk i starten av dagen "
"Innlevande forteljingspråk " ( Om Moses i KRL )
Det er også andre faktorar som spelar inn om ein skal leggje godt til rette for det faglige. Eg la også merke til kor godt førebudde lærarane var til kvar veke og kvar time. Neste veke plan, var ferdig på torsdagen veka før. I timane var strukur viktig, og ting må gjerast i riktig rekkjefølge slik at det ikkje vert kluss og unaudsynt bråk. Det og gi klare beskjedar når elevar skal gjera noko må ikkje undervurderast. Gode ekspempel på slike beskjedar kan vera: " Okey, det dykk gjer no, er at alle på høgre side hentar permen sin og sit seg rolig ned og jobbar med heftet i Norsk'en, "Lyst til å lesa ", som me jobba med i går. Så går alle i midten, deretter alle til venstre. " Det og ha korte, presise og lett forståelege beskjedar er viktig, og det presiserte også kontaktlærarane.
I friminutta vil eg sei eg hadde delte intrykk. Eg syntes at det var litt få vaktar ute i storminuttet i høve til kor stor plassen er rundt Langeland Skule. Eine gongen, såg eg det var 6 elevar på ei reile ( stor rund reile ), der grensa var 2 stk. Eit par av elevane låg med kroppen opp ned, og reila i veldig høg fart. Hadde eg ikkje gripe inn og fått dei av reila, er det godt mogleg nokon kunne skadd seg. Dette skal jo ikkje skje, og eg gav beskjed til kontaktlærar også. Langeland Skule er omringa av eit veldig stort område som elevane kan boltra seg i. Det er positivt for elevane sin del leikmessig, og sosialt, men då må ein vera sikker på at ein har nok vaktar ute til å sjå kvar som skjer!!!
Eg vil ellers gi utrykk for at kontaktlærarane våre på 6.trinnet har gjort ein kjempejobb for oss. Dei har vore observante på at me skal ha utbyte for veka. Einaste eg syns kunne vore litt betre var eit par norsk timar, det me berre måtte stå og sjå på elevane medan dei las i ei bok. Det gav oss ein mogleik til å skriva logg då men... :)
Revidert:
Loggføring er eit verktøy som kan vera svært effektivt for ein lærar. Det hjelper oss å lagre "ferske tolkingar" av konkrete situasjonar med ein gong. I ein travel kvardag med over 20 elevar masande på deg, kan det somme gonger gå hus forbi at du la merke til noko på starten av dagen. Observasjon treng ikkje berre vere loggføring, det finnest også andre metodar som:
- Intervju
- Sosiogram
- Retrospektiv observasjon
- Aktivitetsskjema ( minutt/oversikt )
- Screening
- Video
- Feltanalyse/deltakande observasjon
- Løpande protokoll.
Keep your eyes and ears open!
1 kommentar:
Hei, Håvard...
Det var kjekt å lesa om erfaringane dine i praksis. Flott at du har fått så mykje utav desse 4 dagane, og meir kjem det...
Det er ikkje alltid lett å finna si "rolla", og som du sjølv påpeiker, vil val som blir tatt i høve til rolla de spelte i 1 veka, prega forventningane hos elevane i neste periode, det er nok ei viss fare for at nokre ikkje vil bli teken like på alvor om dei har vore "leikedokker" for ungane, det vil no visa seg. Eg tykkjer du reflekterer godt over erfaringane, og du peiker på sjølve essensen i yrket når du kjem inn på det mellom-menneskelege planet - relasjonar, relasjonar og relasjonar er og blir viktig!
Birgit :-)
Legg inn en kommentar