mandag 14. januar 2008

Photo story 3, Moviemaker, Cartoonist og Pivot + Turdag - og Oppsummering av praksis

I dag hadde me meir om barn og unge, og korleis medium kan vera brukte imot den målgruppa. Som overskrifta seier, brukte me ulike program for å testa ut om dette fungerte i høve til om elevane kan bruka det i eit seinare høve.

Me fekk prøva oss i og laga teikneserie, redigera film, og laga ein animasjon. Dette gir oss nok ein peikepinn på kor mange ulike verkemiddel me kan ta i bruk i skulen, om ein brukar det på rett tid, til rett tema og til rett målgruppe. Dette krev sjølvsagt litt teknisk trening, men i dagens samfunn på lærarar "sko" seg inn i IKT. Det er viktig!

Kjekk dag.

Turdag - og Oppsummering av praksis

Turen i dag bar til Landåsen før me gjekk heim til Birgit og koste oss med kaffi.


Me samla oss i grupper på tvers av klassane og oppsummerte det me hadde opplevd i praksis. Det var veldig interessant å høyra korleis dei ulike gruppene hadde hatt det, spesielt dei på Skåredalen. Deira tilgong på nytt og moderne utstyr er større, noko me kan misunna dei.

Praten gjekk mest på motivasjon, og korleis me kan sjå og hjelpa dei svake/vanskeligstilte elevane. Generelt sett hadde dei fleste studentane hatt positive opplevingar og gira på og forsetja på utdanninga, noko eg også føler!

2 kommentarer:

Sissel Haugen sa...

Hei Håvard.
Er det noen spesielle fag, tema, gruppe du kunne tenke deg å bruke noen av disse programmene i?
- Sissel :)

Håvard Haga sa...

Eg ville blant anna brukt det i norsk og K.R.L.

Norsk: Øving med skrift og oppbygging av historiar.

KRL: Presentera historiar frå religionar på ein kreativ måte.

Ellers er jo dette verktøy som er veldig "handy" og bruka i praktiske prosjekt, og slike arbeidsformer har ein jo i dei fleste fag!