Læraren sitt mandat og mange oppgåver.
Eg er veldig oppteken av at ting må liggje til grunn for noko. For at ein lærar i det heile tatt skal fungere og klara sine oppgåver må han/ho vera glad i menneske. Det er sjølve fundamentet. Som Augustin sa ” Intet blir forstått som ikke først er elsket.”
Dei ti boda er essensielle i læraryrket, og etter kvart er det ikkje noko ein puggar eller skal hugsa, men forhåpentlegvis noko som skjer automatisk, og som blir ein del av deg.
Iblant dei 5 grunnleggjande kompetansane tykkjer eg kravet om å kunna bruka digitale verktøy er vorte fryktelig viktig. Ikkje minst for læraren si effektivisering i førebuing, ressursbruk, formidling og undervisning, men også i høve til elevane. Me lever i moderne tider, og elevane sin kunnskap og bruk av data og internett har aldri vore større, og vil vekse meir.
Ein lærar har vanvittig mange oppgåver. Oppgåvene sin betyding er litt forskjellig relatert til kva alderstrinn ein underviser i, spesielt på det mellommenneskelege planet. Då eg eg var i praksis på barneskulen, såg eg fort kor mykje omsorg, skryt og godt humør spelar inn for at elevane konsentrerar seg i ulike fag.
Når det gjeld planlegginga til læraren, har han masse og forholda seg til. Styrt av lovgivinga, lokal tilpassing i høve til læreplanane og veke/års planar. Det verkar som om det kan vere vanvittig mykje og setja seg inn i, når eg først skal byrja og jobba som lærar. Alt må takast med uansett, jo betre førebudd læraren er til timane, jo betre legg ein til rette for elevane si læring.
Oppdraginga er essensiell i grunnskulen. Som praksislærar på Leirvik Skule ( barneskule på Stord ), kunne me sjå verdien av leik på skuleplassen. Evner, anlegg og sosiale dugleikar blanda med spontanitet og kreativitet, ” gjere leiken til barnas reserve foreldre ”. Eg tykkjer og at det er viktig at læraren er 100 % til stades, og at han ser DEG. Eleven ser læraren omtrent like mykje som han ser foreldra, og det er viktig at den einskilde lærar vert ein god rolle og identifikasjonsmodell. Det og vere bevisst på at me faktisk oppdrar ein haug med ungar/ungdommar i tillegg til læringa i skulen generelt, er noko me bør ta som eit privilegium. Diktet av Dorothy Law Nolte illustrerer godt korleis barn tek etter omgivnadane rundt seg, og korleis ein lærar kan vera med og styra dette miljøet.
Kontakt med foreldra bør og førekomma ofte.
mandag 10. september 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hallo.
Ser du har fått med deg det mykje her Håvard sjølv om du låg heima å såg Glamour å spela sjuk:):)
Einig i det du seier her og at du spesielt frahever IKT kunnskap fra dei fem grunnleggjande kompetansane. Alt går jo på data no og det er ganske utruligt kor mykje ein kan få ut av det med tanke på læring. Forutsetningen for dette er at ein bruker IKT på ein rett måte og at læraren har den nødvendige kunnskapen kring dette. Ellers er jo dei fire andre punkta det essensielle dei må kunne i dei ulike faga.
Gunnar
Eg saknar eit lite innlegg om observasjon og kva erfaringar du gjorde deg i så måte i praksisveka di?!
Birgit :-)
Legg inn en kommentar