mandag 14. januar 2008

Photo story 3, Moviemaker, Cartoonist og Pivot + Turdag - og Oppsummering av praksis

I dag hadde me meir om barn og unge, og korleis medium kan vera brukte imot den målgruppa. Som overskrifta seier, brukte me ulike program for å testa ut om dette fungerte i høve til om elevane kan bruka det i eit seinare høve.

Me fekk prøva oss i og laga teikneserie, redigera film, og laga ein animasjon. Dette gir oss nok ein peikepinn på kor mange ulike verkemiddel me kan ta i bruk i skulen, om ein brukar det på rett tid, til rett tema og til rett målgruppe. Dette krev sjølvsagt litt teknisk trening, men i dagens samfunn på lærarar "sko" seg inn i IKT. Det er viktig!

Kjekk dag.

Turdag - og Oppsummering av praksis

Turen i dag bar til Landåsen før me gjekk heim til Birgit og koste oss med kaffi.


Me samla oss i grupper på tvers av klassane og oppsummerte det me hadde opplevd i praksis. Det var veldig interessant å høyra korleis dei ulike gruppene hadde hatt det, spesielt dei på Skåredalen. Deira tilgong på nytt og moderne utstyr er større, noko me kan misunna dei.

Praten gjekk mest på motivasjon, og korleis me kan sjå og hjelpa dei svake/vanskeligstilte elevane. Generelt sett hadde dei fleste studentane hatt positive opplevingar og gira på og forsetja på utdanninga, noko eg også føler!

Barn og nye medium + Praksis 2! ( punktpraksis )

No er me komen i 2008, og tida går fort. Teknologien veks snarare enn det mange er klar over, og "verda vert mindre og mindre ". Barn og unge, finn stadig fleir kanalar og nå kvarandre, men dette har som det kjem fram i dette emnet - mange negative sider.

Chatting er veldig diskutert for tida. Det er fleire eksempel dei siste åra, der unge jenter og gutar er vorte misbrukte etter dei har vorte "kjende med venner " på nettet, via ein chatte kanal. Det er uhyre viktig for foreldre og vaksne og gjere born klar over ansvaret dei har når dei utleverer seg slik på nettet. Det å vera forsiktig med e-post, kontroll sjekka bilder, sending av ulike format, og anna informasjon ved nye relasjonar med menneske på nettet er essensielt.

Barn og unge vert påverka overalt i dagens samfunn, og nettet er ein av stadane. Ein er ofte ikkje klar over kor "offentleg" ein er på nettet, enn det som faktisk er realiteten. Føresette og vaksne bør gå inn å læra seg om nettet, setja filter på om naudsynt eller ta ein lang prat med borna sine, om kva som møter dei på nettet. Eg har tru på at den "opne" samtalen, der begge partar snakkar ut, og seier kva som kan møta dei.

Revidert:

Kva eg testa ut kan eg ikkje seie, fordi eg ikkje var til stades på denne økta. Det eg kan tilføye er at eg har høyrt historiar frå vener av meg, nokre jenter som vart sjekka opp av gamle menn over offentlege chatt kanalar.


Dette med filter er noko foreldra kan fiksa manuelt på i heimen på deira eigen datamaskin. Eg er enig med Birgit også i at barna sjølv må danna sitt eige filter i hovudet sitt. Det er nemleg i dag lite ein kan gjera for å stoppa spreiinga av bilete og video på Internett, difor treng barn nettvett i høve til kva dei legg ut av informasjon og biletmateriale av seg sjølv. Det er mykje fusk og fanteri på nettet, og mykje av den informasjonen folk legg ut om seg sjølv, kan vere falsk. Det finnes difor fleire nettvett reglar, som deriblant Redd Barna har laga. Dette er regler ein lett kan gløyme om ein ikkje er klar over dei.

Den samansetteteksten ser eg ikkje akkurat for meg som den nye forma for stilskriving. Somme elevar er mykje kjappare og betre teknisk enn andre når dei gjeld tekniske dugleikar at fleire elevar vil kome "bakpå" i ei slik skriftform. Eg har heller ikkje tru på at elevar skal få skrive stilane sine heime. Her kan nettet misbrukast, og elevane får ikkje like høve å jobba imot. Det som kan vera gunstig er at elevar kan skrive stilar over laptop på skulen, utan internett. Sjansane for "copying" er borte, og me kan sikra at det som er skrive er ekte.

Den samansette teksten vår var laga ut ifrå boka " Mormor og de åtte ungene i skogen ". Me nytta Windows Movie Maker, Audacity og Adobe Photoshop til å laga produktet. Det var eit lærerikt prosjekt, og ei skoy metode og presentera ei bok på. IKT er framtida, og ein slik presentasjon vil med stort sannsyn få elevane til å pirrast for lesing av boka! :)


Praksis 2 ( Punkt praksis )

Denne delen av praksis gjekk ut på og gjennomføra "punktpraksis" på Langeland skule.Oppgåve gjekk ut på å planlegge og gjennomføre ei 4 timers økt med der elevane skulle ta i bruk digitale verktøy. Me fekk bruka timar på skulen til dette, noko eg er takksam for :)

Me valte og laga eit prosjekt der elevane skulle læra seg å bruka Powerpoint. Prosjektet gjekk ut på at kvar gruppe skulle presentera eit av dei 3 emna dei kunne velgja i, og framføra det for resten av klsssen.

- Dyr
- Sport
- Skandinaviske land

Me la ut bilder og informasjon tilgjengeleg på Fronter og i klasserommet. Me hadde også delt inn i grupper som me visste ville fungera. Elevane fekk 3 timar og jobbe med presentasjonen, og 1 time til framføring.

Eg må sei økta vår gjekk som forventa, og den gjekk veldig bra :) Me hadde førebudd oss godt til dette prosjektet og alt var på plass før økta byrja. Eg ser kor viktig det er å vera førebudd. Einaste som kunne gått gale er uforutsette ting, blant anna at PC'ane ikkje fungerte. Me sørga for at dei vart fullt lada og nok til alle, og det gjekk etter planen.

Sjølve framføringa må eg sei gjekk over all forventning. Det å stå framfor klassen og snakka er ikkje ein sjølvsagt ting for alle elevar. Det krev trening, sjølvtillit og gjensidig respekt. Nokon er ikkje like flinke til å lesa, andre har andre problem. Majoriteten av elevar må eg sei var kjempeflinke. Somme var kjempestolte av produktet sitt, og ein kunne sjå glimtet i auga deira når dei var ferdige med presentasjonen. Slike ting er det me jobbar for som lærarar! Dei var nokon som var litt flaue og kniste litt under framføringa, men det høyrer med, og det er grunnen til at ei slik arbeidsform er veldig god. Det viser også at det må gjerast fleire gongar i halvåret, ikkje berre 1-2 gongar.

Bruk av digitale verktøy var essensen i vårt prosjekt. Utan det, hadde ikkje arbeidsformen og utbyte vore det samme. Det er ikkje til å leggje under kniven at nokre lærarar ikkje heng med i samfunnets utvikling, og blir for konservative i sine arbeidsformer. IKT er framtida. Det å stimulera elevane til å bruka intenett og PC på ein positiv og konstruktiv måte, er utruleg viktig. Data er ikkje berre spel og tull, det er ein base for læring og vanvittig mange moglegheitar.

I starten av timen hadde eg ei visning i Powerpoint for elevane. Det å læra frå seg IKT er ikkje berre berre. Eg valte å bruka overhead slik at min PC framme ved tavla, kom til syne for alle elevane. Dei haldt sine PC'ar lukka, og følgde med på kvar einaste rørsle eg gjorde i powerpoint. Eg prøvde så godt eg kunne å sørga for at alle elevane følgde med, og gjekk fram i seint tempo med klar og høg stemme. Eg stilte også spørsmål undervegs i visninga for " å få elevane med meg". Det å inkludera publikum under slike IKT visningar trur eg bidrar til å at følger betre med.

ANIMASJON og BILETHANDSAMING! + Undervisningsplanlegging ( Diamanten )

I dag fekk me mogleik til å arbeida med noko anna i pedagogikken. Me jobba med animasjon, og Image Ready som er eit program lagt til i Adobe Photoshop. Eg har vore borti programmet før på Medium og Kommunikasjon så det var ikkje så veldig mykje for min eigen del.

Slike arbeid er nok for elevar veldig interessant og kan vere veldig givande. Eg vil tru det er bra for oss som lærarar og kunne mange ulike digitale program og presentasjonsformer. Dette vil bidra til større variasjon i korleis me legg opp undervisninga, og skapa meir breidde i skulekvardagen.

Eg syns at timen gjekk veldig fort, og mange av studentane som ikkje hadde vore borti animasjon før hadde problem med å få med seg all teknikken. Men da var skoy og gjera noko annleis!

Revidert:

Animasjon og bilethandsaming er nok utvilsamt artige verktøy å bruka i skulesamanheng. Det er nok ikkje noko som bør gjerast for ofte, men det piffar opp undervisninga, og elevane får mogleik til å bruka digitale verktøy. Photoshop er jo eit program som kjem til å leve i mange år framover, og som ikkje minst kan stimulere elevane til å jobbe med redigering innan animasjon, foto og reklame i framtida.

Einaste ved slike verktøy er at det er svært ressursbetinga. Skulen må ha nok maskinar til ein klasse, ikkje minst GODE nok maskinar. Framtidas program krev meir og meir "kraft" i maskinane, og det er viktig at skulane følger med og sørgjer for at dei heng med i tida. For det andre må det vera lærarar som kan programmet og veit å læra fra seg. Det er ikkje berre berre å læra frå seg IKT, det må gjerast grunding, skapa nyfikenhet hos elevane, og dei må få meistringsglede og sjå nytten av arbeidet dei gjer.

Bilethandsaming er interessant, og det er viktig for elevane å forstå at alle bilder på internett ikkje er til bruk for alle. Det er difor bra som Birgit viste, kor elevane kan finne bilete, dei kan bruka lovleg. Dei lærar seg biletredigering, men ikkje minst dei vert "oppdregne" i nettvett.

Undervisningsplanlegging ( Den didaktiske relasjonsmodellen )

Tidligare var "mål-middel-retningen" i planlegging det vanlege. Ein har eit mål og nokre elevar, og ein må finne nokre midlar for å få elevane til å nå målet. Spesielt kjend for denne modellen var amerikanaren Ralph Tyler ( 1949 ). Heimann og Schultz hadde ein anna utgongspunkt.Dei var opptekne av at didaktikken hadde vært for lite anvendbar i høve til lærarens praktiske undervisningsarbeid. Dei utarbeida 4 høve, eller beslutningsmoment og 2 betingingsmoment. Eg nevner ikkje desse no, sidan dei er inkludert i den neste modellen.

Bjørndal og Lieberg videreførte tenkinga frå Heimann og Schultz. Det som var det grunnleggjande synspunktet for dei var at unervisning ein "levande dialog". Eit skapende og dynamisk samspill mellom lærere og elever anser vi således for å være et av de viktigste kriterier for god undervisning ". ( 1978, Bjørndal, Lieberg) Det er viktig å presisera at sjølv om dei såg på undervisning som ein dynamisk og kreativ prosess, måtte den vera planlagt og systematisk. Dei utvikla difor " Den didaktiske relasjonsmodellen "i tråd med tenkinga til Heimann og Schultz. Modellen vert også berre kalla for diamanten, sidan dei fem kategoriane går om seg sjølve.

- Faginnhald
- Evaluering
- Didaktiske forutsetnader ( elev og lærarforutsetnader og fysiske, biologiske, sosiale og kulturelle forutsetnader )
- Læringsaktivitetar
- Mål

Modellens utforming illustrerar eit dynamisk syn på undervisningsprosessen og det er eit hovudpoeng at ein ingen av kategoriane kjem først. Den opprinnelege femdelte modellen, har etterkvart blitt delt inn i seks kategoriar, ved at didaktiske forutsetnader, er splitta i "læreforutsetnader" og "rammefaktorar ". Dette er gjort fordi elevane bør skillast i ein egen kategori. Ein må sikra at elevane er i fokus når for eksempel mål og arbeidsmåtar skal fastsettast.

Det er denne modellen me som studentar er kjende med. Relasjonsmodellen kan brukast på mange nivå. Den kan brukast som redskap til å planleggja ei enkelt økt, samstundes som den kan brukast til å analysera og reflektera over undervisning og læring.

Læreforutsetnader:
For at ein lærar skal kunne variera undervisninga og planleggja den så kreativt som mogleg, treng lærarar utstrakt kunnskap om elevane, deira interesser og evner. Piaget og skjemaer, Vygotskij og utviklingsnivå/sone med Bruner, stillas vil vera relevant og tenkja på under denne katergorien tykkjer eg.

Rammefaktorar:
Utstyr, tid, klassestørrelse, timeantall, lokalmiljøet
Rammefaktorane er høve som på ulike vis begrenser eller mogleggjer undervisning og læring. Risnes, Lyngmark (2007) meiner at lærarane tolker rammefaktorane, noko eg er enig i. Kunnskap, haldningar, forventningar, kreativitet og innsats er det som er mest avgjerande for korleis undervisninga blir, og kva erfaringar og læringsutbyte elevane vert sittande igjen med.

Mål:
Me har alle hatt vår dose av lærarar som ikkje kan læra frå seg. Det som har kjenneteikna dei lærarane eg ikkje tykkjer har vore gode nok, er at dei har "dårleg tid" i timane. Dette heng nok saman med at dei skal kome seg igjennom alt stoffet, og har kanskje lite timar til rådighet i høve til all stoffet. Målet til lærar vert difor " å kome seg igjennom kapittel 5 i dag ". Utan å leggje tid til rette for at elevane skal forstå, drøfte og lære noko etter timen er ferdig. Slik har eg følt det mange gongar. Lærarens personlege mål med undervisninga vert feil, interessa og merksemda må heller rettast mot KVA elevane har lært etter at læraren har undervist. Skal måla vera meiningsfylte, må det vera elevanes læring det skal settast mål for!

Bloom(1956) si kunnskapstrapp kan vere ein god modell for ein lærar og kikke på når ein skal setje mål for timen/emnet i faget. Lærarar bør vera bevisste på kva nivå dei vil "gå på" når dei formulerer eit læringsmål

Innhald:
Eg velger her å bruka punkt frå Engelsen (2006). Desse tre viktige høva spelar inn når ein skal velga innhald i eit fag.

- Faga sin eigenart
- Samfunnet sine interesser
- Elevanes behov

Læringsaktivitetar:
Det er ingen fasit for kva undervisningsmetode som er god eller dårlig. Korleis ein metode vil fungere i ein bestemt undervisningssekvens er avhengig av elevane og deira forutsetnader. Det som er sikkert er at læringsaktivitetane bør tilpassast den enkelte elev og elevgruppe.( Piaget, Vygotskij )

Det finnest over 70 læringsstilmodeller. Felles for desse er at dei hevder at ei kartlegging av elevers læringsstil og ein undervisning tilpassa denne vil være ein optimal opplæring. Kritikken mot dette går blant anna på at kartleggingsverktøya ikkje er gode nok, at elever vert plasserte i ein bås, at dei ikkje vert teke hensyn til elevers sosiale utvikling, danningsprosessar og betydinga av fellesskap i læringsprosessen. ( Hopfenbeck 2006, Andreassen 2006) Dette er eg heilt enig i. Det er nok mange læringsstilmodellar ein kan finne felles faktorar ved, men det er ingen universal metode. Det er opp til kvar enkelt lærar, på bakgrunn av erfaring og kunnskap om sine elevar, å legge til rette for elevers konstruksjon av læring individuelt og i fellesskap. ( Haga 2008 :) )

MAKIS prinsippa er element som kan bidra til motivasjon i undervisninga.

- Motivere
- Aktivisere
- Konkretisere
- ( Variasjon )
- Individualisere
- Samarbeide