mandag 10. september 2007

Læraren sitt mandat og mange oppgåver!

Læraren sitt mandat og mange oppgåver.

Eg er veldig oppteken av at ting må liggje til grunn for noko. For at ein lærar i det heile tatt skal fungere og klara sine oppgåver må han/ho vera glad i menneske. Det er sjølve fundamentet. Som Augustin sa ” Intet blir forstått som ikke først er elsket.”

Dei ti boda er essensielle i læraryrket, og etter kvart er det ikkje noko ein puggar eller skal hugsa, men forhåpentlegvis noko som skjer automatisk, og som blir ein del av deg.

Iblant dei 5 grunnleggjande kompetansane tykkjer eg kravet om å kunna bruka digitale verktøy er vorte fryktelig viktig. Ikkje minst for læraren si effektivisering i førebuing, ressursbruk, formidling og undervisning, men også i høve til elevane. Me lever i moderne tider, og elevane sin kunnskap og bruk av data og internett har aldri vore større, og vil vekse meir.

Ein lærar har vanvittig mange oppgåver. Oppgåvene sin betyding er litt forskjellig relatert til kva alderstrinn ein underviser i, spesielt på det mellommenneskelege planet. Då eg eg var i praksis på barneskulen, såg eg fort kor mykje omsorg, skryt og godt humør spelar inn for at elevane konsentrerar seg i ulike fag.

Når det gjeld planlegginga til læraren, har han masse og forholda seg til. Styrt av lovgivinga, lokal tilpassing i høve til læreplanane og veke/års planar. Det verkar som om det kan vere vanvittig mykje og setja seg inn i, når eg først skal byrja og jobba som lærar. Alt må takast med uansett, jo betre førebudd læraren er til timane, jo betre legg ein til rette for elevane si læring.

Oppdraginga er essensiell i grunnskulen. Som praksislærar på Leirvik Skule ( barneskule på Stord ), kunne me sjå verdien av leik på skuleplassen. Evner, anlegg og sosiale dugleikar blanda med spontanitet og kreativitet, ” gjere leiken til barnas reserve foreldre ”. Eg tykkjer og at det er viktig at læraren er 100 % til stades, og at han ser DEG. Eleven ser læraren omtrent like mykje som han ser foreldra, og det er viktig at den einskilde lærar vert ein god rolle og identifikasjonsmodell. Det og vere bevisst på at me faktisk oppdrar ein haug med ungar/ungdommar i tillegg til læringa i skulen generelt, er noko me bør ta som eit privilegium. Diktet av Dorothy Law Nolte illustrerer godt korleis barn tek etter omgivnadane rundt seg, og korleis ein lærar kan vera med og styra dette miljøet.
Kontakt med foreldra bør og førekomma ofte.

Kvifor eg valgte HSH og bli lærar

Eg trur eg har presisert det ein del gongar no, utan og skriva det i eit innlegg så her it goes again..

Det er mange grunnar til at eg vil bli lærar. Som dykk ser nedanfor har eg laga ein limerick av den beste læraren eg har hatt. Håpar det gir dåke eit greit og kort bilete av korleis han/ho skal vere ;)
Eg har alltid vore glad i og vere med menneske og er ein sosial kar. Etter vidaregåande, gjekk eg på Kroppsøving ved HSH. Det fekk eg erfara 4-5 veker i praksis, der me leia gymtimar, og var ute i frimutta og patruljerte litt. Det var lite tid, men det gav meg meirsmak då eg såg når ting fungerte i gymtimane. Det og sjå når elevane meistra ulike aktivitar, og den gleden dei fekk av det, gjorde at eg fekk perspektiv på ting. Kanskje lærar eg min ting?

Etter det året måtte eg gjere ferdig militæret. Sidan eg spela fotball på fotballlaget Stord, gjorde siviltenesta at eg kunne vere på øya og framleis gjere det eg likar mest - fotball. Eg var plassert i noko me kallar VOKT-prosjektet. Me var omtrent 6-8 unge karar, som vart plassert rundt på ulike ungdomsskular på øya. Det var dette året som verkeleg gav meg indikasjonar på at eg vil jobba med menneske, helst som lærar. Eg hadde gymlærarutdanning, så eg fekk og prøva meg ein del som gymlærar og leia ein del timar, noko eg sat veldig pris på. Eg var også inne i ulike teori timar og fekk observere/halde ro i timane. Me hadde også i oppdrag og halda kontroll på 1-2 problem elevar kvar.
Dette året gav meg mange a-ha opplevingar, der eg var så heldig og vera med på og påverka ungdomar si atferd og læring. Ein har jo sjølvsagt ikkje suksess med alle, men dei få som det gjekk bra med, gjorde at eg visste at dette vil eg driva med.
Ungdomsskulen eg var på hadde sitt mangfald i lærarar. Mine meiningar vert jo subjektive, men eg vil sei det var alt fra labert til glimrande nivå. Nokon lærarar hadde rett og slett ikkje kontroll på klassen, og satt seg ikkje i respekt. Nokre lærarar fekk kaste glassboller og stolar etter seg, og vart mobba av eigne elevar. Dette treng jo ikkje bare vere deira skuld, men rett og slett galne elevar. På det mellom mennesklege planet, lærte eg veldig mykje dette året, og det gav meg ein bekreftelse på det eg vil driva med seinare i livet.

Så kvifor HSH? Eg hadde som sagt gått 1 år på Kroppsøving frå før. Eg tykkjer HSH er ein fantastisk plass, med flotte fasilitetar, og god teknologi. Det er god tilgong, and gode lærarar. Pluss at det er på Stord, då kan eg forsetja med fotball ;)

Det ser veldig positivt ut til no. Eg er kome i ein kjempeklasse med mange fargeklattar og personar eg veit eg kjem til å diskutera masse med ;) Måtte dette og dei neste åra gi meirsmak til lærarjobben!

- Håvard